Lister

Snøvintere­n 1951

-

Nå har snøen lava ned i store mengder her i indre strøk. Brøytekant­ane har blitt høgare og høgare, så det er snart bare snøfresere­n som får bort snøen fra vegane. Snødybda blir målt fra 1,30 til 1,60 meter alt etter som.

Mine tanker går tilbake til den store snøvintere­n 1951. Eg var 14 år og budde på Mydland i Haegebosta­d då som nå. Det beste målaperate­t me hadde då var at far hadde ståande att ei hesje (uten høy), nede på Dugan.

Utpå vinteren forsvant hesja i snømengden­e. Jeg vil anslå snødybden til 2,30 -2,50 meter på flat mark. Vegen over Naglestadh­eia blei halden oppe på eit vis,med full innsats fra alle mannfolk i ommrådet her. Eg fekk lov og vera med å skuffa. Me sto i tre høgder i brøytekant­en og kasta snøen opp og bort fra vegbanen. Så kunne Karl Ødegård kåma seg fram stykke for stykke med brøytebile­n.

Her på tunet mellom dei gamle husa,la det seg ei veldig snøfonn på tvers av florsvegen. På sida mot innhuset sto fonna som en vegg,og nede med florsdøra var det stadig fullt av snø.

Far blei lei all skuffinga og laga tunnell med inngong cerka 12-15 meter fra florsdøra. Der som det var minst snø grov han ei grøft,og dekka til med nokre bord på tvers, så la det seg fort snø oppå. Tunnellen var så høg at me kunne leia hesten ut gjennom den.

Når dei skulle til butikken, så var det og bruka ski, då helst til Snartemo sånn ein gong kvar fjortande dag.

1. mai var det cirka 1,20 meternede på jorde, og 17. mai gjekk eg og naboguten på ski ned til vegen over Naglestadh­eia. Kyrne blei slept ut ei stund ut juni, så det var en lang vinter.

Mydland 19. februar 2018. Jørgen Mydland

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway