Lister

Gje luft mellom orda

- Bjørn-harald Mydland, ihuga bibliotekb­rukar

I desse utbyggings­tider i Farsund, er det viktig at me i framtida gjev luft mellom bøkene og orda også i framtida.

Farsund har eit eineståand­e bibliotek med god plass mellom hyllene, hyggjelege sitjegrupp­er og romslege pultar med god plass for dei bøker ein treng å slå opp i.

Og det er ikkje bare elevar ved Eilert Sundt VGS som vil setja seg inn i eit spesialtem­a, men mange vanlege menneske også. Eit kvart menneske går i laere så lenge det lever. Kunnskapst­rongen varierar alt etter kva alder og interesse den enkelte har. Nokon treng å finna detaljar i eit fagfelt i tjukke tekniske bøker, mens andre bare vil vera oppdatert på kunnskap med å lesa dagens nyhende i ei eller fleire aviser.

Så, kjaere utbyggjara­r av Eilert Sundt VGS! Ikkje øydelegg det flotte biblioteke­t me har i dag. Ikkje gjer det trongere mellom orda, bøkene og hyllene.

Hugs! Det er langt fleire enn elevane på skulen dykkar som vil søkja hit for å lera. Gjer Farsund biblioteke­t til ei kunnskapsk­jelde for alle som bur i kommune.

Alle tilsette på biblioteke­t skal ha masse skryt for velvilja til å søkja mellom dei mange tusen orda som står stabla i hyllene. Til sist finn dei i alle fall det eg treng av fakta. Gje dei tilsette ein triveleg arbeidssta­d dei kan trivast med. Så: Inviter dei med i planleggji­nga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway