Lister

Leder elever og laerere

Det er ikkje berre barna som gler seg til skulestart denne veka. Også laerarane. Rektor ved Eiken skule, Anne-marie Telhaug, ser fram til eit nytt skuleår.

- Av Torrey Enoksen

Anne-marie Telhaug ved Eiken skule er en av mange rektorer som har ønsket velkommen et nytt skoleår.

– Eigentleg har eg ikkje tid til eit intervju nå, for det er mykje å gjere. Torsdag kjem det 95 elevar til skulen, og laerarane og dei tilsette ved skulen har ein del ting som må på plass før elevane kjem. Vi har hatt tre planleggin­gsdagar no, og vi har engasjerte og dyktig personale som er godt forberedt, seier ho.

DAGEN FØR DAGEN kjenner ein spenningen mellom veggane i skulehuset i Eiken. 95 born i aldaren seks til tolv år skal om snaut eit døgn starte på eit nytt skuleår.

For 14 av barna er nok spenninga ekstra stor. Sjølv om dei har vore i barnehagen vegg i vegg med skulen, skal dei no starte på noe nytt og spennande; Ti års skulegang.

Både første klassingan­e og foreldra er nok ekstra spente.

– Møtet dei skal få med skulen første dagen er svaert viktig. Vi legg stor vekt på trivsel. Dersom elevane trives, kan vi gje dei kunnskap og det gir vekst, fortel ho.

DENNE VEKA har barn i Lister og ellers i landsdelen hatt første skuledag etter sommerferi­en.

Barn og foreldre har vore spente, det same har laerere og rektorer ved skulane i heile distriktet.

MED SINE 95 ELEVAR og 20 tilsette, er Eiken skule ei av dei mindre barneskula­ne i regionen vår. Utfordring­ane med å drive denne skulen er like store som ved ein større skole.

Det er her Telhaugs rolle som rektor kjem inn. For i tillegg til å sjå til at elevane får det pedagogisk­e tilbodet elevane har krav på, skal ho også vaera administra­tiv leiar for dei ansatte ved skulen.

– Ja, Eiken skule er ei lita skule der forholda er små. Dette gjer at vi kan sjå den enkelte og gje dei eit godt tilpassa tilbod. Men sjølv om vi er ei lita skule, har vi mange av dei same utfordring­ane og oppgåvene som større skular.

EIKEN SKULE har i dag 20 tilsette. 11 av desse er pedagogar, dei øvrige jobb som barne- og ungdomsarb­eidarar, administra­sjon eller vedlikehal­d av skulebygge­t. – Er det ikkje ein flott skule me har, spør rektoren og viser inn til klasseromm­et kor førsteklas­singane skal samles torsdag morgen.

14 pultar er plassert på rad og rekke i det nyvaska klasseromm­et. Klassestyr­ar har plassert lappar som viser navnet på kvar enkelt barn kor dei skal sitje.

Rektor Telhaug må leite litt for å finne kritt som ho kan skriv med på tavle. Med orda «Velkommen til Eiken skule», helsar ho til både barna og foreldra deira.

– Som ein liten skule, korleis klarer dykk å skaffa nok laerarar?

– Det kan vere ei utfordring for distrikta og små skular å rekruttere nok pedagogar. Vi er inne i ein periode då fleire held på med vidareutda­nning, og då er det ikkje alltid så lett å få tak i kvalifiser­te vikarar.

NETTOPP DET Å LOKKE nyutdanna laerare er ei utfordring fleire mindre skuler i distrikt-noreg slit med. Ofte opplev ein at unge nye laerarar føretrekk å undervise og bosette seg på større stader og byer, enn i distrikten­e.

– Det er bra at fleire har søkt seg inn på laerarstud­iane, seier ho.

Sjølv er Telhaug utdanna førskulela­erar fra førskulela­erar utdanninga i Kristiansa­nd. I ti år jobba ho som styrar i barnehage, før ho starta som laerar i første til fjerde klasse i grunnskule­n då seksåringa­ne kom inn i skulen for over 20 år siden.

I tillegg til vidareutda­nning innen ledelse, har hun også ein årseining i musikk.

– Eg har alltid likt å arbeide med barn, seier ho.

Dei to siste åra har Telhaug fungert som rektor ved ein til sju skulen øverst i Haegebosta­d. Nå er ho inne i sitt tredje år som fungerande rektor ved skulen.

SOM EI AV DEI FÅ skulane i regionen vår, er nynorsk hovudmålet ved Eiken skule. – Ja, vi er ei nynorsk-skule og eg synes det er viktig at det som vi sender skriftleg frå skulen er på nynorsk. Dialekta vår er nok mest nynorsk, sjølv om vi merkar endringar i talespråke­t, fortell ho.

Når ho ikkje er på skulen nyttar ho seg ofte av den flotte naturen i og rundt Eiken både sommar og vinterstid. Saman med mannen driv dei på med hundeoppdr­ett av engelsk setter. Ellers er det familien og sju barnebarn som opptek fritida hennar.

– Vi har jo også eit flott område langs Lygne, blant anna med den nye tretopphyt­ta og Lygneparke­n. Dette området blir også nytta av skulen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway