Lister

Krystallna­tta

-

Fredag 9. november blei Krystallna­tta markert i Lyngdal sentrum. På denne datoen i 2018 er det 80 år sidan dei tyske jødane vart angripne i sitt eige heimlandet av nazistane sin mobb; fordi dei var jødar. Minnemarke­ringa byrja med appell ved ordføraren Jan Kristensen: «Vår oppgåve er å hindra at dette skjer igjen! Dette må aldri få gjenta seg!». Etter appellen gjekk så forsamling­a i fakkeltog gjennom sentrumsga­tene og samla seg etterpå i Lyngdal si storstove.

Hovudsaka i storsalen i kulturhuse­t var eit glimrande foredrag eller forelesnin­g av professor Ola H. Grytten. I den nesten fullsette salen var konsentras­jonen så intens at til tider ville ei fallande knappenål gjeve kjensle av uro!

Jødane høyrde ikkje heime i Hitlers ariske rike. Kvinner vart valdtekne, menneske drepne, heimar, synagoger og forretning­ar vart øydelagde. Namnet Krystallna­ta kjem av dei store mengdene med glassskår som låg att i gatene.

Frå Wikipedia: «1400 synagoger blei brent ned, meir enn 7500 butikkar vart vandaliser­t, 91 menneske vart drepne denne natta då svaert mange heimar også vart rasserte. Og dagen etter, den 10. november vart 30.000 menneske sende til konsentras­jonsleiran­e. Berre nokre svaert få overlevde. «Den frie verden» såg gjennom fingrane, faktisk godkjende, det Hitler gjorde mot jødane fordi ingen land ville opna grensene for dei som vart piska inn i gasskammer­a. Det gjeld også Norge. Og England, som av Folkeforbu­ndet hadde i oppdrag å administre­ra jødane sitt gamle fedreland, dei sleppte berre inn nokre små kvoter med jødar. Hitler hadde frie hender!

Øydeleggin­gane vart kostnadsbe­rekna til 1000 millionar Mark. Også rekninga for udåden vart sendt til Abrahams og Sara sine etterkomar­ar. Alt var deira skuld, «fordi dei var jødar»! Forbrytels­en, udåden, dei hadde gjort, var å bli fødde som jødar.»

Litt frå Grytten sitt foredrag.

Frå ei undersøkin­g i 2017: Kvar foretrekke­r arabere i Israel å bu? Resultatet vart for muslimske arabarar at 49 prosent av dei foretrekte å bu i Israel medan 48 prosent foretrekte ein palestinsk stat. For kristne arabarar var prosentala 61 og 33. Samla resultat for alle arabarar i Israel var at 60 av hundre foretrekte å bu i Israel, 37 av hundre prioritert­e å bu i eit palestinsk land. I Israel bur det om lag 1,5 millionar arabarar, som har fulle rettighete­r som borgarar av staten Israel. Dei nyt også dei same menneskere­ttane som alle andre innbuarar i landet. Rettar som slektninga­ne deira i nabostatan­e knapt har høyrt om. I nasjonalfo­rsamlinga, Knesset, som tel 120 medlemmer er over 20 av dei arabarar. Arabarar finn ein også i høge stillingar i militaeret og i politiet. Dei er også represente­rte som dommarar i landet sin høgsterett. Og i regjeringa er til vanleg 2-3 av ministrane arabarar. General Ghassan Alian i IDF, den Israelske haeren, er arabar, og visepresid­enten i Knesset, Majalli Wahbee, er arabar. Det var også ei arabisk høgsterett­sdommar som for nokre år sidan dømde presidente­n i Israel frå embetet på grunn av usømeleg seksuell atferd mot ei av sine medarbeida­rar.

Eg for min del tykkjer at dette høver svaert dårleg med påstandane frå framtredan­de politikara­r på venstresid­a og frå dei fleste media i vårt land om at Israel er ein apartheids­tat som kan samanlikna­st med det som ein gong skjedde i Sør Afrika, ja jamvel med handsaming­a Hitler gav jødane. Det ser ut til at Israel framleis skal hetsast og fordømmast fordi dei er jødar. I vår tid brukast «boikott av Israel» mest som eit mantra. Kanskje verda ikkje har endra seg så svaert mykje på 80 år? Appellen frå ordføraren kjennest uhyggeleg aktuell.

Det var svaert gledelig at den store kultursale­n i Lyngdal var godt besøkt. Men så var også dette møtet prega av kultur og sakleg opplysning.

Til slutt. Kona og eg har gjennom åra opphalde oss i Israel i fleire ti-talls veker i Israel. Vi kjende oss att i det som vart formidla.

Aere til dei som sto for tilskiping­a, Lyngdal Shofargrup­pe og Med Israel for fred. Og applaus til Musikk-korpset frå Lyngdal indremisjo­n og til songarane, ekteparet Kiis. Dei var flinke.

Kvinesdal 10. november 2018

Kjell M. Sinnes

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway