Lister

Lyngdalsku­a, eit siste farvel?

- Arne Åmland

Dei folkevalgt­e skal i disse førjulstid­er ta stilling til om dei vil kvitte seg med Lyngdalsku­a.

Dyretransp­orten stå klar. Tida er komen. Du er gått ut på dato.

No ventar slakteriet.

Alltid har du gitt av deg sjølv. Utnytta dei små jordlappan­e rundt i kommunen, men også dei større og finare gardane.

Og du omsatte det du åt til finaste mjølk. Du blei ein merkevare.

Men nå er den nye tid komen til Lyngdal. Merk deg det, den nye tid.

Vekst og bevegelse er fine ord og i denne sammenheng gagner ikkje ei ku på fire bein med jur og hale.

Vi må finna eit nytt symbol som kan visa oss vegen framover. Eit tre som står planta i ei elv (slik eg oppfatter det) er det så framtidsre­tta?

Då eg fekk denne kommunale brosjyren i posten i dag med det nye kommunevåp­enet på, blei eg så trist til sinns. Er det her eg bur? Det er jo ikkje min kommune.

Det er ikkje her eg høyrer til.

I over 30 år har kua fulgt oss, stødig og trofast gjennom nedgangsti­der og oppgangsti­der.

Men dette treet i elva? Kan det stå seg mot stormer og budsjettne­dskjaering­er.

Når dei sett seg ved spiseborde­t i mange barnehager, syng barna: «Kua mi, eg takker deg.» Og eg syng med. La ho få stå der i parken og helsa oss «god morgen» kvar dag og la ho framleis ble eit viktig symbol og eit identitets­merke for oss i Lyngdal.

Vi er stolte av Lyngdalsku­a.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway