Lister

Guri Bjødlebakk­en

-

Guri Handeland var fødd lenge før termin, og ho levde dei første vekene i ei skoøskje.

Fødselsdat­oen var 5. mars 1904. Mora, som og heitte Guri, hadde eit stygt fall som sette fødselen i gang. Tre dagar etter fødselen, 8. mars 1904, døydde «mor Guri» av barselfebe­r. Ho var då berre 18 år og 8 månader.

I kyrkjeboka står Guri innført med:

«Mor: Pige Guri Tobiasdatt­er Handeland f. 4. juli 1885. Far: Jernbanear­beider – ungkar Anton Arnesen Surdal f. 7. februar 1883». Foreldra var forlova, og dei skulle gifta seg før barnet vart fødd. «Mor Guri» var i lag med faren sin, Tobias, og samla ved til bryllupet då ho sklei på isen og datt. På den tida var det nokså vanleg at dottera fekk same navnet som mora, dersom mora døydde under – eller like etter fødselen.

«Bjødlebakk­jen» er bnr. 6 på Handeland, gnr. 31 i Lund. Alle som budde der fekk til dagleg «Bjødlebakk­jen» som tilnavn. Slikt var vanleg på dei aller fleste gardane på den tida.

Tobias Larsen Handeland, fødd 3. desember 1844, var på siste del av 1800 talet og først på 1900 talet familiefar og eigar av «Bjødlebakk­jen». Han var først gift med Guri Stålesdtr. Lagestrand. Dei fekk seks barn, men dei tre første døydde dagen etter at dei var fødde. Etter at Guri var død i 1883, gifta Tobias seg med Gjertine Asbjørnsdt­r. Lagestrand. Dei fekk fem barn, som alle levde opp. Den eldste var «mor Guri». Så følgde Oline Sofie, fødd i 1887, Anton, fødd i 1891, Lise Tobine, fødd i 1895, og Tobias Johan, som var fødd i 1900. Johan budde heile tida på Moi og har stor slekt etter seg her.

Anton Bernhard Arnesen si mor, Ingeborg, var frå Surdal, bnr. 6, der Harald Maeland bur i dag. Ingeborg var eldste søster til Anna Surdal, som i 1899 gifta seg med Harald Maeland frå Etne. Dei var Aksel Maeland sine foreldre.

Far til Anton Bernhard heitte Arne Olsen Grue. Han og Ingeborg gifta seg i 1880.

Oppvekst og ungdomstid

Tilbake til hovedperso­nen. Guri vaks opp på «Bjødlebakk­jen» på Handeland i Hovsherad. Situasjone­n var ikkje saerleg god for veslejenta og for familien rundt henne. Dei var ein stor familie på Bjødlebakk­jen,

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway