Lister

(Fiske-guri)

-

og dei sleit med å få «endane til å møtast». Det var besteforel­dra som fungerte som foreldre. Den oppgåva greidde dei godt, for Guri vart etter kvart ei snill og flink jente som var hjelpsam og gjorde pliktene sine. Tanter og onklar var nok og ei god støtte for Guri dei første leveåra hennar. Men – økonomien var stram, så dei måtte ut frå heimen for å tena pengar så snart dei var konfirmert.

Guri gjekk på Kiellands Minne skole på Eik. Der gjekk ho i same klasse som min farbror, Andreas. Av han fekk eg ofte høyra at Guri var ein flink elev, og at ho hadde orden i sakene sine. Alt tyder på at ho treivst på skolen.

Heime på «Bjødlebakk­jen» hjelpte ho til med arbeid både inne og ute. Ansvar og arbeid auka etter kvart som dei andre flytta vekk. Endå meir ansvar og arbeid fall på Guri då bestemor Gjertine døydde. Ho vart berre litt over 60 år, og Guri var då 12 år gammal.

I 1913 tok Lars Tobiassen over «Bjødlebakk­jen». Han var yngste sonen i første kullet, og altså «halvonkel» til Guri. Etter at bestemora var død, var det Guri som måtte ta mykje av stellet for Lars og bestefar Tobias. Men ho var sprek og greidde det godt.

Då Guri var konfirmert og hadde fylt 15 år, fekk også ho beskjed om at ho måtte forlata «Bjødlebakk­jen» for å tena sine eigne pengar til mat og klede. Det var ofte til Stavanger dei reiste, ungjentene frå Hovsherad som ville få seg huspost.

Slik vart det og for Guri. Ho kom i teneste hos Hanna og Andreas Sande. Han dreiv gullsmedfo­rretning og hadde «fin frue». Der var det mykje husarbeid, barnepass og mange tunge klesvaskar. Innimellom arbeidde ho og litt hos Torgersen i Wesselsgat­e. Dei var foreldre til Hanna Sande. Etter om lag halvtanna år slutta Guri i tenesta i Stavanger, men vennskapet mellom henne og Hanna Sande varde livet ut.

Lars og bestefar Tobias fann nok ut at dei ikkje greidde halda orden i huset utan eit kvinnemenn­eske. Guri vart difor verande heime siste del av 1921. Tante Oline, som budde i Farsund, døydde rett før jul. Første del av 1922 var Guri i Farsund for å hjelpa familien gjennom den første og vanskelege tida. Etterpå var ho igjen i arbeid heime på «Bjødlebakk­jen».

Bjødlebakk­jen

Det butta nok ein del imot for Lars. I 1927 vart «Bjødlebakk­jen» seld på tvangsauks­jon til Gustava og Alfred Eik. Alfred var

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway