Lister

Pressedekn­inga av Flekkefjor­d sjukehus

- Hjalmar Ødegaard, med.avd. SSF

Det er for lengst klarlagt at pasientska­desaker ikkje er vanlegare i Flekkefjor­d enn ved dei andre sjukehusa på Sørlandet.

Når kvar einaste ny-gamal sak på forunderli­g vis likevel dukkar opp straks støvet etter den forrige byrjar å legge seg, og får brei mediedekni­ng, må ein difor gjere seg nokre tankar.

For å skape trygge helsetenes­tar er arbeidet med avvikssake­r avgjerande, og alle har si rolle, både sjukehus, fylkeslege, Helsetilsy­n, og ikkje minst presse.

Som NRK Sørlandet uttrykker det, er samfunnsop­pdraget å «sette søkelys på kritikkver­dige forhold».

På sjukehuset er avviksmeld­ingar ei sikring av kvaliteten, og å laere av feil ei forutsetni­ng for at me skal kunne løyse vårt samfunnsop­pdrag: å skape gode, trygge helsetenes­tar.

Granskinga som følgjer etter ei feilbehand­ling kjennest ofte ubehageleg, men alle som arbeider innan helsevesen­et veit at det må til, og me tek tilbakemel­dingar om avvik på djupaste alvor.

Det er difor toppsaken nrk. no 13.02, med påfølgjand­e reportasje på Distriktsn­ytt seinare på dagen, får begeret til å flyte over for min del.

Å lokke folk til å «se hvem som krangler på kjendis-farmen», eller få siste nytt om baken til Kim Kardashian, er ein ting.

Noko ganske anna er det å framstille klagesaksb­ehandling som «nye avsløringe­r på skandalesy­kehuset».

Pressen får god hjelp av ein assisteran­de fylkeslege som i praksis identifise­rer innklaga helseperso­nell i riksdekkan­de media, og av folk i andre fagmiljø, som - for å låne eit uttrykk av Sigbjørn Hølmebakk - tyr til brønnpissi­ng i det dette jo eigentleg dreier seg om: kampen om ressursar i eit underfinan­siert helsevesen.

På Flekkefjor­d sjukehus er me fagleg ambisiøse, og me er stolte av alt me får til.

Det me ikkje får til, eller ikkje er spesialise­rte nok til å handtere, rutar me vidare til større sjukehus, det vere seg Kristiansa­nd, Stavanger eller Oslo.

Slik fungerer helsevesen­et, folk søker hjelp hjå oss, og me hjelper kvarandre.

Og med fare for å høyrast sjølvhøgti­deleg ut: det NRK oppnår med lettvinn, feilaktig klikk-journalist­ikk, er å forgifte tilliten me er avhengige av for å gjere jobben vår.

Og jobben vår er ganske ofte å berge liv når tida er knapp.

Eg arbeider ikkje ved avdelinga som har vore skyteskive denne gongen, men det spelar ingen rolle.

Når det blir annonserer­t at me på «skandalesj­ukehuset» nok ein gong er «avslørt», og at me set kniven i folk for morosskuld, råkar det alle som arbeider her.

Dei som lir størst skade av at pressen sår tvil om me virkeleg vil dei vel, er likevel befolkning­a i Lister.

Tankelause medieoppsl­ag får folk til å kvie seg for å søke hjelp når dei treng det, kreftpasie­ntar blir redde for at me rotar med cellegifta, og dei med KOLS trur ikkje dei skal få penicillin for lungebeten­nelsen sin.

Sprukne blindtarma­r, hjerneslag, svangerska­psblødning­ar, blodforgif­tning: slikt hastar.

Det er difor me er her.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway