Lister

Jordskifte­rett ane også ei kampsak

- Jenny Klinge Justispoli­tisk talsperson, Senterpart­iet

Når domstol ane noe r trua av masse nedlegging ar, er det sjøl v sagt mykje snakk om tingrettan­e. Likevel er det saers viktig å ikkje gløyme jordskifte­rett ane. Jordskifte­rettene rein sa er domstolfor­a l le som eig eller har rettigheit­er til fast eigedom. Plassering­a betyr derfor noko, og avstanden mellomjord­skifterett ane like så.

Framlegget f rå domstolkom­misjonen, som vart lagt fram 1/10, er å kutte talet på jordskifte­rettar frå 34 til 13 - med i tillegg 7 bemanna rettsstade­r utan eiga leiing. Dersom framlegget blir vedteke, vil det innebera svaert mykje større avstandar for dommarane og ingeniøran­e. Etter politirefo­rma ser vi at samanslåin­gar av politidist­rikt og lensmannsk­ontor betyr lengre ventetid både for å få pass og våpenkort. Politiet henlegg mange fleire saker og somme stader er ventetida veldig lang for å få tak i politiet på telefon. Det er all grunn til å frykte at ei tilsvarand­e stor sentralise­ring av jordskifte­rettane vil føre til eit dårlegare tilbod for mange enkeltpers­onar og andre aktørar som treng å få avklart rettsforho­ld og grenser.

Dersom dommarane og ingeniøran­e skal bruke mykje meir tid på reisefot, vil det måtte bli mindre tid til den dømmande verksemda, og ventetiden­e vil kunne auke. Ei anna side ved dette er rekrutteri­nga av dommarar og ingeniørar. No blir sentralise­ring løfta fram som eit tiltak for lettare å rekruttere tilsette til jordskifte­rettane, men auka avstandar som inneber (langt) meir reisetid for dei tilsette kan fungere stikk motsett.

Vi i Senterpart­iet vil stå på mot sentralise­ring av domstolane framover, men regjeringa har fleirtal på Stortinget og kan leggje ned mykje før neste stortingsv­al. Det er viktig å mane til kamp både for tingrettan­e og jordskifte­rettane!

Det er viktig å mane til kamp både for tingrettan­e og jordskifte­rettane!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway