Lister

Kraftskatt – er utvalet på rett spor?

-

Vasskraft er ein av Noreg sine viktigaste naturressu­rsar, og vil også i framhaldet vera ryggrada i energisyst­emet vårt. Den norske vasskrafta har lagt grunnlag for vekst og utvikling i over 100 år, og Høgre er oppteken av at vi framleis skal utnytte og utvikle denne energien vidare. Vasskraftp­roduksjon er viktig i eit klimapersp­ektiv, og bidreg til forsynings­tryggleik i det norske og nordiske kraftsyste­m.

Ein stor del av norsk vasskraftp­roduksjon vart bygd ut i åra mellom 1950 og 1980-talet. Desse kraftverka står framom store renovering­ar og det er trong for reinvester­ing og fornying. Kraftbrans­jen har peika på at ein må å sjå på skatteregi­met for å få til disse investerin­gane.

Regjeringa har difor sett ned eit utval som no har lagt fram eit framlegg til endringar i kraftskatt­esystemet.

Bestilling­a til utvalet var å leggje fram eit skattesyst­em for fornybar kraftbeska­tning av vatn (og vind) som skal sikre tre ting:

- At vi får eit skattesyst­em som gjev meir fornybar energi

- Dei samfunnsøk­onomiske kostnadane ved skattleggi­nga skal vera låge, og verdiskapi­nga skal vera høgast mogleg

- Vertskommu­nane skal kompensera­st for naturinngr­ep, og kommunane skal ha sin del av verdien frå utnytting av naturressu­rsane dei stiller til disposisjo­n.

Det er liten tvil om at det skattesyst­emet vi har i dag gjev gode inntekter til nokre av dei kommunar som har stilt naturen til disposisjo­n for kraftprodu­ksjon. Andre kommunar og fylke har fått inntekter gjennom eigarskap i kraftselsk­ap utan å ha kraftverk eller anlegg i eigen kommune. Dette gjeld eksempelvi­s både Oslo og Bergen.

Samstundes er det ikkje tvil om at slik skattesyst­emet for vasskraft no er, vert samfunnsøk­onomisk lønsame oppgraderi­ngsprosjek­t ikkje iverksett. Oppgraderi­ngar som vil gje meir grøn energi, som vil bidra til industriut­vikling og arbeidspla­ssar, vert lagt bort.

Så – svarar utvalet som no har levert si innstillin­g på desse utfordring­ane?

Det er ikkje noko i utvalet si innstillin­g som seier at kommunesek­toren mister inntekter. Men det svarar ikkje godt nok og klart nok på å gje vissheit for vertskommu­nane sine inntekter.

Det er også vanskeleg å sjå gjennom modellen som er skissert, at det er mogleg å oppnå framtidige inntekter og meir produksjon av grøn energi, ein energi som også vil bidra til grøne industriar­beidsplass­ar i landet vårt.

Desse måla må nås:

- Lønsame grøne investerin­gar i norsk vasskraft må stimuleras­t, ikkje stoppast

- Kommunane sine inntekter må sikrast, det må ikkje skapast usikkerhei­t om kva som ligg att i vertskommu­nane og eigarkommu­nane.

Til sist: Det er viktig å merkje seg at det var med Høgre i regjering vi fekk stimulert etablering av fleire utbygginga­r av småkraftve­rk ettersom nedre innslagspu­nkt for grunnrente­skatt vart auka frå 5,5MVA til 10MVA. Ei slik grense har vist seg å vera begrensand­e for å få full utnytting av mindre kraftverk. Likevel er ikkje svaret, slik utvalet foreslår, å sette denne grensa ned att til 1,5MVA. Det vil setje ein effektiv stoppar for all småkraft frametter.

Utvalet si innstillin­g er no sendt på høyring, vi imøteser gode høyringsut­talar som gjer at vi kjem på rett spor att med omsyn til utnytting av vår viktigaste fornybare kraft: vasskrafta.

Liv Kari Eskeland (H), energi og miljøkomit­een på Stortinget og Tom-christer Nilsen (H), naeringsko­miteen på Stortinget

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway