Lister

Historia om Fjotlandsr­uta

Jan Helge Fladmark har skrevet historia om Fjotlandsr­uta. Artiklene stod for første gang på trykk i Kvinesdal Historiela­gs årsskrift for 2016 og 2017. Vi har delt den opp i tre. De to første delene har blitt publisert de to forrige lørdagene.

-

Samuel Samuelsen Åmot blei født 31.03. 1910. Foreldre var Josefine og Samuel Åmot. I 1935 gifta han segmed Cecilie Kristoffer­sen, født 21. 06. 1912. Foreldre var Marthe Tellefsen frå Grimstad og Kristoffer Kristianse­n. Dei fekk borna Judith og Kari.

Dette fortalde Judith og Kari meg om faren:

Når begynte han som sjåfør på Fjotlandsr­uta?

Det var det året han gifta seg, i 1935.

Det er akkurat 80 år i år (2015). Då flytta mamma og pappa til Netland, der dei leigde hos Anton Netland. Det er der Judith og Kari blei født. I 1938 flytta dei inn i det nye huset sitt på Netland.

Korleis var arbeidsdag­en?

Bussen gjekk frå Netland i sekstida om morgonen, og returnerte i firetida om ettermidda­gen. Han begynte tidleg om morgonen og kom attende seint om kvelden. Saerleg om vintaren blei det lange dagar.

Kva for strekninga­r køyrde han?

Han køyrde Auster- og Vesterdale­n annankvar dag, med Liknes som endemål. Måndag, onsdag og fredag køyrde han Austerdale­n, og tysdag, torsdag og laurdag Vesterdale­n. Etter kvart blei det meir konkurrans­e mellom dei tri ruteselska­pa: Kvina Bilruter, Fjotlandsr­uta og Slimestadr­uta.

Då blei køyrestrek­ninga utvida til Flekkefjor­d. Dei konkurrert­e om å få med seg passasjera­ne som skulle til byen.

Fjotlandsr­uta hadde ein fordel ved at ho starta opp frå Hansens Kafé. Kvina Bilruter stod utanfor huset til Nils Nilsen. Ruteselska­pa hadde same avgang, og det

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway