Lister

Ingvald Gullestad skobutikk 1939-1975 - del 2

Anne-berit Erfjord har skrevet denne artikkelen om skobutikke­n til sin far, Ingvald Gullestad. Den ble første gang publisert i Kvinesdal Historiela­gs årsskrift for 2014.

-

Vi har delt artikkelen opp i to. Første del ble publisert forrige lørdag.

Ny butikk opna

Eg har ikkje greidd å finna annonsen for opninga, men det ser ut til å vera onsdag 3. mai 1950. Den dagen var salet på 600 kroner. Varene var då flytta over i nybygget og sjølv om det framleis var knapt med varer hos grossistan­e, prøvde han å få tak i nye varer til opninga. På ein faktura på 57 par sko frå grossist Ole D Danielsen i Kristiansa­nd 26. mai 1950, er føydd til med hand: Dette hjelper vel litt i de nye fine lokaler. Hilsen H.J.»

Eg minnest ikkje at det var kø første dagen. Den første som ville kjøpa sko, skulle få dei gratis. Og eg er nokså sikker på at det var ein skuleelev som heitte Svein Tjessem. Han ville ha eit par tennissko, i dag hadde det nok vore joggesko. Det var mange skuleeleva­r i bygda og eg minnest dei leverte inn mange sko til reparasjon og litt sal blei det nok. Ingvald hadde annonse i fleire russeavise­r. Annonse i Agder 14. mars 1951:

I dag tilbys: Herrekalos­jer, alle nr. Slagstøvle­r herre, nr. 39-46 Herregummi­støvler nr. 40-47 Grubestøvl­er nr. 39-47 Fjøssko til barn fra nr. 25 og oppover Har ennå en del sko i herre, dame og barn til gamle priser. Ingvald Gullestad Liknes Skotøyforr­etning

Etter kvart kom det fleire varer og salet auka. Det var populaert då vi fekk aurlandssk­o. Eg sleit ut fleire par - og fekk alltid gnagsår når dei var nye.

Døme på skokjøp:

6.2.1950 - Gunnar Omland - grubesko kr. 22,15

27.2.1950 - Trygve Galdal - støvlar kr. 17,65

16.3.1950 - Ola P Røinestad - arbeidskal­osjer kr. 10,70 + 0,50 i frakt

6.5.1950 - Sverre Amundsen - lakksko kr. 22,95

21.5.1950 - Asbjørn Fjeld - sandaler kr. 12,80

25.5.1950 - Trygve Rafoss - turnsko kr. 5,75

23.8.1950 - Thora Berghom - beksøm kr. 33,85 + såler 0,75

26.9.1950 - Tilda Tjørnhom - aurlandssk­o kr. 29,70

Vi hoppar 18 år fram i tid:

9.9.1968 - Andreas Londal - tøflar kr. 30,18.9.1968 - Oskar Paulsen - tennissko kr. 29,25.9.1968 - Tønnes Rob - sko kr. 63,3.11.1968 - Anne Lise Toresen - støvlettar kr. 124,20.12.1968 - Sven Grøtteland - skistøvlar kr. 66,50

27.3.1969 - Andreas Traelandsh­ei - kalosjer kr. 21,17.4.1969 - Gunnar Hunsbedt - fotballsko kr. 47,Etter krigen kom etter kvart nye produkt; springstep­sko, sko med rågummisol­ar, platåsolar, kilehaelar og etter kvart støvlettar, mokkasinar, badesko og mange slag sandalar. Av småvarer nemner eg: innleggsso­lar (mange frå Isaksen i Flekkefjor­d), strømper av mange slag, laerfarge, skokrem, skolisser, kippekappe­r, gummilim, skohorn, skobørster, skeisereim­er, arbeidsvot­tar og mykje meir. Skomakaran­e brukte mykje sålelaer. Fleire grossistar selde laer frå Årenes Garveri. Det gjekk også mykje gummiplate­r, ferdige gummisolar og haelar, skogarn og tråd, bek og bektråd, sylar og sylskaft, bust, teks (småspiker), maljer og ymse verktøy. Etter at heile etasjen blei butikk, hadde han i ein periode damevesker.

Ein populaer julepresan­g var tøflar, men alle her sa «måransko».

Det var større skilnader på kva slag sko aldersgrup­pene brukte då enn nå. Kven av oss damepensjo­nistar vil gå inn i ein skobutikk og seia vi vil sjå på eit par «konesko» eller «fjøssko»? Og kven ville for 60 år sidan gå i kyrkja i sandalar eller joggesko?

Sko med «Ruta»

Det var ikkje lett for folk i dalane, på Austheia og i Fjotland å koma til Liknes for å handla. Mange brukte telefon eller skreiv eit brev og bad Ingvald senda sko dei trengde. Han blei ganske flink etter kvart til å finna sko som passa til den enkelte. Det var lett med støvlar og arbeidssko, litt verre med damesko. Mange gonger sendte han opp fleire par for prøving. Før 17. mai 1970 sendte han 3 par sko til Taletta Stakkeland, det var eit par ballerina og to par kvite sandalar. Det var eit par av dei kvite som passa jenta som truleg skulle bruka dei 17. mai. Til Knaben blei sendt mange par «grubesko». Eg gjekk mange gonger på «Ruta» med skopakkar, mest Kvinaruta, men også til «De Forenede» på Hansens Kafè. Frakta i mange år var 50 øre, litt seinare 70 øre og i 1970 var frakta kome opp i 3 kroner.

Den siste skomakaren

Karl Rørvik 1912-2001.

Han var den faste skomakaren dei siste tiåra av butikken. Karl hadde bygd ei lita skomakerbu ved sida av huset sitt på Øye. Han køyrde moped og kom og henta reparasjon­ar og kom att med det som var reparert og kjøpte laer, gummi og alt han trong. Karl var ein uvanleg gild mann og han kunne minnast mykje. Alice og Ingvald var av og til barnevakt for barnebarne­t Anne. Ho likte godt å vera hos morfar på butikken og når skomakaren kom, spelte dei Gnav. Dette minna han Anne om fleire gonger seinare.

Leigefolk

Det var plass til fleire i nybygget enn skobutikke­n og bustad for familien. Det passa

 ?? FOTO: ANDY SYVERTSEN ?? Skilt malt av Odd Dubland i 1966.
FOTO: ANDY SYVERTSEN Skilt malt av Odd Dubland i 1966.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway