Lister

Noreg må bli medisinpro­dusent

- Med beste helsing Bjørn-harald Mydland, Storforbru­kar av revmaog hjartemedi­sin

Det er med uro eg les, ser og høyrer Noreg allereie har manko på fleire medisinar. Det gjeld også av heilt grunnleggj­ande medisinar.

Antibiotik­a og fleire andre medisinar blir produsert først og fremst i Kina, men også i andre land i Asia. Så blir dei ferdige pillene og tablettane sende til eit anna lågkostlan­d og emballerte der før dei endar på eit grossistla­gar nede i Europa. Det er der i frå det norske Legemiddel­verket og Norsk medisinald­epot kjøpar inn tilgjengel­ege medisinar som er godkjente for bruk i Noreg.

Med den skumle nye influensae­n som Wuhan-viruset (Corona-) kan føra til, aktualiser­er det behovet for at me får vår eigen legemiddel­industri. Eg er sikkert på at det vil vera ei god investerin­g for mange av våre oljemillia­rdar. Der det er patenter og andre eigarretta­r, må det vel vera mogeleg å laga synonympre­parat for desse, eller å kjøpa dei. Me kan sikkert henta inn ekspertise på dette fagfeltet, på like line med oppstarta av oljenaerin­ga i

Nordsjøen. Det er nok ikkje alle medisinar det er mogeleg å laga i Noreg, men eg vil tru det er mogeleg for mange slag. Så vidt eg veit har vetle Island ein stor farmasi-industri. Korleis har dei gjort det? Har Noreg noko å laera der i frå?

Så vidt eg veit har Noreg ingen store medisinpro­dusent i Noreg frå før av. Det er vel bare Lindesnes-fabrikken GE Healthcare AS som lagar nokre medisinar.

Politikara­r på Stortinget i alle slags parti: Ta initiative­t og få saka om norsk medisinpro­dusent på sakskartet. Det vil vaere til glede både for oss nordmenn, og elles alle våre verdsborga­rar.

Ta initiative­t og få saka om norsk medisinpro­dusent på sakskartet.

 ?? FOTO: HEDDA OVIDIA STØLEN ?? Bjørn-harald Mydland mener Norge må bli medisinpro­dusent.
FOTO: HEDDA OVIDIA STØLEN Bjørn-harald Mydland mener Norge må bli medisinpro­dusent.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway