Lister

Smular frå den rike mannens bord

-

Det er skuffande og trist å lese i Lister 24 at Lyngdal kommune vil slanka budsjettet ved å avsetja hjelp og assistenta­r til dei svakaste i skulen. Vi vil alltid ha sterke og svake elevar blandt oss. Dei svake er ikkje dei som skrik høgast. -Stille og varleg går dei kring oss, desse minste av dei små svake. Dei krev ikkje sin rett i samfunnet. Kven vil stå opp og tala deira sak?

I min barndom frå skulen høyrde vi frå bibelsoga om den miskunnsam­e samaritane­n. Kva slags mann var no det? Jau samaritana­rane var på den tida sett på som heidningar blandt jødefolket. I denne forteljing­a vart det fortalt om ein mann som var på reise og vert overfalt av røvarar. Dei slo mannen ned og lot han liggje igjen halvdød. Ein prest drog same vegen, han såg mannen og gjekk forbi. Likeins kom ein levitt til staden, han såg den hardt skada mannen men gjekk like forbi. Det var ingen hjelp å få av dette presteskap­et. Så kom det ein samaritan reisande. Han fekk sjå den halvdøde mannen og fekk inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen og forbandt såra hans. Så lyfta han mannen opp og tok han med til eit herberge. Der fekk han pleie, og samaritane­n lova å betala for alt som dette ville kosta.

Ingen av oss vil vel lika å vera like kalde og likeglade som presten og levitten i denne forteljing­a frå Bibelen. Vi likar best å bli kalla for rause og omtenksame med born og unge.

Kvifor skal då nedskjaeri­nga i Lyngdal kommune så hardt ramma dei unge og dei svakaste av borna i kommunen? Her har vi ingenting å rosa oss av. Det er småleg og ufint å gje dei svakaste slike smular frå den rikes bord.

«Eg tykkjer støtt at det høver best å hjelpa den som det trenger mest».

Kvifor skal då nedskjaeri­nga i Lyngdal kommune så hardt ramma dei unge og dei svakaste av borna i kommunen?

Ragnhild Larsen Konsmo

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway