Lister

Lilly Tånsberg (1927–2020)

-

Ingen kunne som henne fascinere og trollbinde folk i alle aldersgrup­per, ikkje minst ungdom. Det er sagt om henne at det berre blir født eit eksemplar av slikt kaliber kvart hundreår.

Ho var født på Langøy utanfor Lyngdal som som nummer fire i ein syskenflok­k på seks. Men før ho var ti år fekk ho mykje ansvar då mora døydde berre 40 år gamal. Som fjortenåri­ng blei ho ein kristen, atten år gamal gjekk ho inn i Frelsesarm­een, og 23 år gamal møtte ho Thorvald som ho dela livet med like til han døydde i 2002. Dei etablera seg på småbruket Kollevoll utanfor Farsund, som sidan har vore den norske adressa deira.

På slutten av 60-talet drog dei til Israel, der dei fyrst jobba på sjømannsky­rkja til Faye Hansen i Haifa, sidan som voluntørar på kibbutz Neve Yam litt sør for Haifa. Etter 7 år heime att, der dei m.a. var fosterfore­ldre for mange barn, drog dei attende til Neve Yam i 1977.

Heile tida plaga det dei at det var så mykje ungdom, ikkje minst frå Norge og Skandinavi­a som jobba på kibbutzar over heile Israel som burde hatt ein «heim» å koma til når dei hadde fri, der dei både kunne lesa norske aviser, «få ei brødskive med geitost», og ei seng. Dei tok kontakt med ulike organisasj­onar om å åpne ein heim for skandinavi­sk ungdom i Israel. Men utan vidare hell.

Så i januar 1981 åpna dei dørene i ein liten leilighet i Allenby Road litt lenger oppe i byen. Det var som å åpne ein dam, ungdomane berre fossa inn, og plassen blei snart for liten. Seinare etablera dei seg nede ved sjøen, i eit vakkert 3 etasjes gamalt herskapshu­s på Bat Galim, der stiftelsen framleis held til. Visjonen var «Et hjem for den hjemløse, en åpen dør for alle». Staden skulle vera gratis, men ein var avhengig av gåver og frivillige hjelparar. Det har halde til denne dag. Thorvald og Lilly har vore eit fantastisk ektepar med ein eventyrleg bakgrunn. Gjestfrie, rause og uredde. Beit Skandinavi­a var ein suksess frå dag ein. Lilly drog rundt på kibbutzane og innvitera, ho blei snart kjent og skatta over heile Israel.

Thorvald og Lilly hadde unge medhjelpar­ar på huset, som for eksempel Knut Gjone, som seinare var dagleg leiar i stiftinga i ei årrekkje. Beit Skandinavi­a hadde faste bibeltimar på huset, og arrangera populaere fotturar i Galilea, Judeaørken­en, på Golan, og byvandring­ar i

Jerusalem. No er det ikkje så mykje ungdom på kibbutzane lengere, men Beit Skandinavi­a er framleis ein verdifull møtestad mellom israelerar og nordmenn/ skandinava­r.

På 80-årsdagen sin fekk ho namnet sitt i «The Golden Book» i Jerusalem, saman med kongens fortenestm­edalje i gull for innsatsen sin. Ho er mykje sakna etter at ho «mønstra av» i 2015 av både israelske vener og oss andre som var så heldige å bli kjent med henne. Me lyser fred over hennar gode minne.

På vegne av styret for Beit Skandinavi­a

Agnar Bratland

 ??  ?? På 80-årsdagen sin fekk Lilly Tånsberg navnet sitt i «The Golden Book» i Jerusalem, sammen med kongens fortenestm­edalje i gull for innsatsen sin.
På 80-årsdagen sin fekk Lilly Tånsberg navnet sitt i «The Golden Book» i Jerusalem, sammen med kongens fortenestm­edalje i gull for innsatsen sin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway