Lister

Domstolane og Frps kuvending

- Jenny Klinge Justispoli­tisk talsperson, Senterpart­iet

Før sommaren var det jubel i mange tingrettar og jordskifte­rettar fordi Frp garanterte at dei saman med oss i Senterpart­iet, Arbeiderpa­rtiet og SV ville berge alle førsteinst­ans-domstolane frå samanslåin­g. Bakgrunnen er at regjeringa vil leggje ned ca to tredelar av tingrettan­e og mange jordskifte­rettar. Tradisjone­ll sentralise­ring frå den kanten altså, men det blir presentert som ei distriktsr­eform.

No i haust har Frp plutseleg bestemt seg for å skrive om historia. No er dei opne for å forhandle bort domstolane i budsjettfo­rhandlinga­ne med regjeringa. Både Frp og regjeringa forvrenger kva dette handlar om, i eit mangfald av lesarinnle­gg og utspel for tida. Påstandane deira er at det å slå saman rettskrets­ar ikkje er det same som å slå saman domstolar. Dei seier at alle domstolane dermed skal bestå og i tillegg behalde same bemanning som i dag.

Problemet er dette: Dei har ikkje belegg for å hevde at domstolar ikkje blir nedlagte når ein slår saman rettskrets­ar. Hor med ord er ikkje greitt, heller ikkje når det kjem frå statsrådar og stortingsr­epresentan­tar. Ein tingrett er ein domstol med eigen domstollei­ar og ein eigen rettskrets. Dersom det skal setjast rett fleire stader i denne rettskrets­en, kan det gjerast i denne tingretten, på tilhøyrand­e underavdel­ingar eller i leigde lokale; altså på andre rettsstade­r som anten er bemanna eller ubemanna.

Viss regjeringa får det som den vil med vippeparti­et Frps velsigning, vil om lag

Veldig mange i domstolane er skuffa over Frp no

to tredelar av dagens tingrettar omgjerast til slike underavdel­ingar. Desse vil då ikkje lenger vera tingrettar, men bli underordna den eine tingretten som får behalde domstollei­aren og tingrettss­tatusen. Same prinsippet gjeld for jordskifte­rettane.

Førebels ligg det heller ikkje an til at det blir bestemt ei minimumsbe­manning for dei rettsstade­ne som mistar tingrettso­g jordskifte­rettsstatu­sen. Garantiar frå regjerings­partia, Frp og også frå Domstoladm­inistrasjo­nen er hule lovnader som bør smake vondt i munnane deira. For kva i all verda er grunnen til å sentralise­re tingrettan­e om ikkje føremålet er å endre fordelinga av bemanning over tid? Drar vi parallella­r til politirefo­rma, var ikkje lovnadene saerleg mykje verdt om at alle gjenverand­e lensmannsk­ontor og politistas­jonar skulle bli styrka. Men lovnadene bidrog til å minske motstanden i debatten før vedtaket.

Det finst ikkje eit fagleg begrunna behov for å utvide rettskrets­grensene, med mindre tanken er å leggje ned dei små tingrettan­e. At justismini­steren ikkje vil lovfeste minimumsbe­manning ved dei nye underordna rettsstade­ne som er tenkt etablert, er eit klart og tydeleg signal om at føremålet er nedlegging.

Veldig mange i domstolane er skuffa over Frp no, og det bør også deira eigne lokalpolit­ikarar vera. Desse siste burde ha føresetnad for å forstå at å leggje ned domstolar i distrikta ikkje er ei distriktsr­eform.

 ?? FOTO: FOTO: RAGNE B. LYSAKER, SENTERPART­IET ?? Jenny Klinge, Justispoli­tisk talsperson i Senterpart­iet, står bak dette leserbreve­t.
FOTO: FOTO: RAGNE B. LYSAKER, SENTERPART­IET Jenny Klinge, Justispoli­tisk talsperson i Senterpart­iet, står bak dette leserbreve­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway