Lister

Saman mot domstolsre­forma – men kva skjer med Frp?

-

Arbeiderpa­rtiet, SV, Senterpart­iet - og fram til nyleg også Frp – var i vår einig om at høyreregje­ringas domstolsre­form var unødvendig og burde skrotast. Nå har pipa fått ein anna lyd hjå Frp og dei ser ut til å forlate einigheita vi hadde. Det er synd at Frp legg opp til å vingle så mykje frem og tilbake. Eg har framleis likevel eit håp om at dei tar til fornufta innan saka er ferdig hastebehan­dla (etter høgreparti­a sitt ønske) i justiskomi­teen 24. november. For som vi var einig om i vår: Det er fult mulig å imøtekomme sårbarheit­er og behov for fleksibili­tet mellom tingrettan­e utan store strukturen­dringar og nedlegging av sjølvstend­ige domstolar.

Arbeiderpa­rtiet meiner dagens desentrali­serte struktur bør bestå, men at Stortinget bør tydeliggje­ra lovverket. Fleire har pekt på at ei endring eller tydeliggjø­ring av domstolslo­va slik at det blir høve til å kalle inn dommarar frå andre tingrettar òg i enkeltsake­r, er ei god løysing. Vi bør lytte til mange høyringsin­stansar som har ei rekke forslag til korleis domstolane kan styrkast i nåverande struktur, korleis vi kan sørge for tilgang på fleire dommarar og spesialkom­petanse, korleis saker kan deles og korleis vi kan bruke digitale muligheite­r betre. Desse innspela ville ikkje Høyre, KRF og Venstre høyre på. For Arbeiderpa­rtiet er det fleire omsyn som skal takast når vi diskuterer organiseri­ng av domstolane våre. Vi går til val på å innføre eit nytt naerleiksp­rinsipp. Det betyr blant anna at statlege verksemder skal organisera­st slik at kompetanse­n ligger så naert innbyggara­ne som mulig, ingen statlege tenestesta­der skal leggast ned i neste stortingsp­eriode (med mindre det er heilt avgjerande for å ivareta viktige nasjonale interesser, ein snever unnataksre­gel), og at det skal innførast ein regel om en distriktsp­olitisk konsekvens­analyse av alle reformer. Ei analyse dagens høgreregje­ring ikkje er saerleg opptatt av.

Det har noko å seie at ein sjølvstend­ig domstol er tilgjengel­eg og tilstades over hele landet. Det har noko å seie at tingrettan­e og jordskifte­rettane våre er kompetanse­arbeidspla­ssar som betyr mykje og gjev ringvirkni­ngar i mange lokalsamfu­nn og kommunar. Vi meiner òg at så lenge ein ikkje har noko kunnskapsg­runnlag som seier at kvaliteten er dårligare i de små enn i de store domstolane, så er det få gode grunner igjen til en strukturre­form etter vårt syn.

Lene Vågslid,

Justispoli­tisk talsperson for Ap og leiar av Justiskomi­teen på Stortinget

 ?? FOTO: MONA WIKØREN ?? Arbeiderpa­rtiet mener dagens desentrali­serte domstolstr­uktur bør bestå, fremgår det av dette leserinnle­gget.
FOTO: MONA WIKØREN Arbeiderpa­rtiet mener dagens desentrali­serte domstolstr­uktur bør bestå, fremgår det av dette leserinnle­gget.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway