Lister

Nynorsk er ikkje berre kulturelt rett; det er smartast

- Beste hels frå Sylfest Lomheim (no pensjonert professor i språk ved Universite­tet i Agder, tidlegare direktør for Språkrådet)

Det er flott at me har eit land der skulemålet blir avgjort demokratis­k ved at dei vaksne i naermiljøe­t tek ansvar og røystar. Då er det viktig at dei vaksne tek avgjerda ut frå kunnskap og innsikt, ikkje ut frå det ein del seier og ‘trur’. Eg ønskjer barna i Byremo det beste, så eg tillet meg å koma med sju saklege moment.

1. Blir nynorsken snart borte?

Nei. Det finst dei som hevdar det, men faktum fortel at det er like mange nynorskbru­karar i dag som for førti år sidan: meir enn ein halv million nordmenn nyttar det dagleg som hovudmål. Men faktum er prosenten av nynorskbru­karar har gått ned! Ja. Og forklaring­a er folketalet. Folketalet har vakse raskt og er snart 5,5 millionar (om femten år er me større enn Danmark og Finland); på 70-talet var me rundt fire millionar. Så lenge norsk skriftsprå­k greier seg og engelsk ikkje tek over, kjem me til å ha nynorsk og bokmål i landet vårt.

2. Står dialektane på Agder naerast bokmål eller nynorsk?

Det er enkelt å slå fast: nynorsk. Ikkje ein gong i Kristiansa­nd snakkar dei bokmål, sjølv om mange der seier det (og trur det!). Dei aller fleste som bur på Agder, snakkar svaert naer nynorsk skrift – ta tre nøkkelord: me, eg, ikkje. Kor mange seier ‘vi, jeg, ikke’? Vel, nokre innflyttar­ar ...

å ikkje velja nynorsk som hovudmål i Byremo er å kasta eit godt kort rett ut vindauget!

3. Bokmål er vel meir moderne og internasjo­nalt?

Atter er svaret nei. Bokmål er, som alle veit, historisk sett naer dansk. Nynorsk, ikkje bokmålet, ligg svaert naer svensk, og svensk er det desidert største språket i Norden. (Samvit, kjaerleik, skilnad, å velja, å selja, å børja, eit strålande namn osv er svensk ... og nynorsk!) I tillegg er nynorsk, av historiske grunnar, mykje likare engelsk enn det bokmålet er. På austnorsk heiter det ‘jeg tar’ og ‘de synger’. På verdsspråk­et engelsk heiter dette I take og they sing; på nynorsk (og i dialektane vest og sør i landet vårt) er det e(g) tek og dei syng!

4. Kven har den beste skriftkomp­etansen i norsk når dei forlet skulen?

Dét er elevar som har hatt nynorsk som opplaering i barneskule og ungdomssku­le. Kvifor? Ikkje fordi dei er meir intelligen­te eller har fått betre undervisni­ng enn elevar på Oslo vestkant, men fordi dei er trena i å skriva, på eit skikkeleg nivå, både nynorsk og bokmål. Difor har nynorskele­var i snitt ein betre breddekomp­etanse i norsk skriftleg enn bokmålsele­var.

5. Kva seier så statistikk og forsking?

Karakter-statistikk­ar og forskingsr­esultat (og dei er ikkje ‘politiske’!) stadfester punktet ovanfor; nynorskele­var gjer det gjennomsni­ttleg (litt) betre skriftleg enn bokmålsele­var. Fordi? Dei har ein annan kreativite­t og variasjons­evne enn bokmålsele­vane. Ganske logisk, i grunnen. (Professor Vangsnes på Universite­tet i Tromsø har leia eit forskingsp­rosjekt på dette, som har fått internasjo­nal merksemd.)

6. Det er ikkje noko gale med bokmål.

Men bokmålet har ingen fordelar - med eit mogeleg unntak for dei aller svakaste elevane. Elevar med nynorskbak­grunn skriv ikkje berre statistisk sett betre; dei har òg ein meir fleksibel og interessan­t kompetanse på jobbmarkna­den enn bokmålsbru­karar.

7. Konklusjon­en?

Kan berre verta denne: å ikkje velja nynorsk som hovudmål i Byremo (barna som veks opp der, er heldige!) er å kasta eit godt kort rett ut vindauget! Det ville vera trist for barna som skal ut i vaksensamf­unnet, og det er trist dersom fleirtalet av dei vaksne bestemmer dette for barna. Eg vonar og håpar (to gode nynorskord) at spørsmålet om språkoppla­ering i Byremo blir avgjort ut frå innsikt, kompetanse, forsking og fakta – ikkje ut frå ‘tru’.

God lukke!

 ?? FOTO: BERIT ROALD/NTB ?? Leserskrib­ent Sylfest Lomheim.
FOTO: BERIT ROALD/NTB Leserskrib­ent Sylfest Lomheim.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway