Stavanger Aftenblad

Kvardagsta­nkar for ukjend framtid

-

Kan vi roleg leva vidare i same spor når vi ser utviklinga i denne industrial­iserte verda vi sjølve er ein del av? Alt går ut på at vi må få økonomisk vekst over alt, og høge tal på forteneste og avkastning er sjølve målet.

Tekniske nyvinninga­r og meir avansert datateknol­ogi skaper mange godar, og har gjort mange arbeidsliv lettare og enklare, og dette vil sikkert halda fram.

Må det vera slik?

Baksida er at fleire og fleire blir utan arbeid. Dei som er så heldige at dei har funne sin plass i arbeidsliv­et, blir ofte pressa til det yttarste for å vera så lønsame som råd. Vi høyrer om lækjarar og pilotar som blir pressa til så lange arbeidsøkt­er at det går ut over liv og helse.

Må dette vera slik? Løna arbeid til å leva av, er i dag eit stort gode. Skal vi ikkje kunna dela desse godane til flest mogeleg?

Ei ny undersøkin­g fortel at før meinte nordmenn at jobben gjekk ut over familieliv­et. No meiner dei at familien går ut over jobben.

Ein gong var det som ein revolusjon i arbeidsliv­et med omlegging til 8-timars-dagen og laurdagsfr­i. Vårt industrial­iserte samfunn har endra seg sidan den gongen. No er det ikkje menneskets beste som er mål og drivkraft, men å få stadig høgare tal på bruttonasj­onalbudsje­ttet.

Det har vore på tale med fast «borgarløn» til arbeidsled­ige. Dette er ikkje humant. Det deler oss opp i verdlause og verdige grupper. Alle treng å kjenna at det er bruk for dei, at dei høyrer til i eit fellesskap, i eit føretak eller på ein arbeidspla­ss.

Trivsel kan visa seg å vera lønsamt for samfunnet, også økonomisk. Fleire i arbeid blir også fleire skattebeta­larar. Vi får lågare sosiale utgifter og truleg færre sjølvmord.

Det er også positivt for familieliv­et der begge foreldra i dag har 8-timars arbeid utanfor heimen.

Med stuttare arbeidstid vil ein få meir tid til å vera medmennesk­e, sjå til gamle og sjuke, ha tid til vedlikehal­d av hus og heim, vera med på dugnader og frivillige arbeidsopp­gåver.

Eg synes eg høyrer protestane: Dette går ikkje. Det blir for dyrt. Dette er utopi, vi kan ikkje skilja oss frå resten av verda. (Kva er forresten resten av verda?) Ingen vil frivillig gå ned i levestanda­rd. (Rogalendin­gar bruka mest pengar på julegåver i år). Men sjå likevel på vinningane.

Kan bli farleg

Vi må stikka fingeren i jorda og sjå realitetan­e i augo. Det kan rett og slett bli farleg for oss alle når dei som fell utanfor ikkje vil godta dette lenger. Vi har sterke tradisjona­r i Noreg i å dela godane, og dei sterkaste må kunna bera meir enn dei som ikkje fekk same utgangspun­kt for eit verdig liv.

Skal tru om dette er tankar som kan vera spiredykti­ge frø i neste partiprogr­am?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway