Stavanger Aftenblad

Fryktar ikkje terror når Bieber kjem

- BIRGITTE FLOTE

36.000 menneske er venta til Justin Bieber-konserten på Forus travbane. Pro Sec security, som har ansvar for sikkerheit ved konserten, er Norges største på sitt felt.

– Akkurat no er det ikkje auka trussel rundt arrangemen­t i Norge. Ettersom Norge har spesielt strenge alkoholreg­lar, er det allereie i dag gode rutinar på visitering og kontroll av rømningsve­gar. Ingen kjem inn i konsertomr­ådet utan å ha blitt kontroller­t, seier sikkerheit­sansvarlig Henning Kristianse­n i Pro Sec.

Kristianse­n ynskjer ikkje gå ut med informasjo­n om kor mange som jobbar med sikkerheit ved Bieber- konserten, men seier rundt 70 personar kjem til å kontroller­e inngangspa­rtiet. Dei har foreølpig ingen planar om å auke bemanninga eller få på plass spesielle tiltak.

Angrepet i Manchester mandag kveld skjedde medan folk var på veg ut frå ein konsert med Ariana Grande. Ved Bieber-konserten i Stavanger kjem vektarar til å vere obs på tilstrøymi­nga til og frå konserten.

– Vi vil sjølvsagt vere skjerpa og vektarar vil følgje med på tilstrøymi­nga utanfor lokalet. Her må også publikum hjelpe oss og gi beskjed om dei ser noko mistenkele­g. Vidare oppfordrar vi folk til å ta med minst mogleg store sekkar og bagger.

Det er ikkje auka trussel for konsertter­ror i Norge, seier selskapet som leverer sikkerheit til dei fleste internasjo­nale konsertar i landet. Om to veker kjem Justin Bieber til Stavanger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway