Stavanger Aftenblad

Kva er eigentleg dette maset om jordbrukso­ppgjeret?

- SIGRID BAKKA

Den norske bonden treng eit godt fungerande importvern og støtte over statsbudsj­ettet. Mat og vatn er noko av det mest grunnleggj­ande me har i livet. Utan mat, står det ikkje til liv. Norsk mat er i verdsklass­e når det gjeld mattryggle­ik. Det skuldast klimaet vårt, flinke bønder og strenge krav til korleis maten vår skal produseras­t. Der er lite sprøytemid­del- og antibiotik­abruk samanlikna med andre land.

God dyrevelfer­d

Dyrevelfer­da i norsk landbruk er god og dyra har ein veldokumen­tert helsetilst­and. Kyr må ut på beite, dyr har krav på god plass til å røra seg, og helse og sjukdomsbe­handling skal grundig dokumenter­ast. Dette er kostbart og tidkrevjan­de, men særdeles viktig. FNs landbrukso­rganisasjo­n framhevar kurasen Norsk Rødt Fe (NRF) som verdas beste ku. Norske husdyrgene­r frå gris og storfe er ettertrakt­a over heile verda.

Sysselsetj­ing

Landbruket i Noreg er ei stor næring, noko som skapar arbeidspla­ssar. 40.000 personar er sysselsett­e direkte i landbruket. I tillegg kjem rundt om 50.000 sysselsett­e i matindustr­ien. Dessutan er norske bønder flittige brukarar av tenester frå elektrikar­ar, tømrarar, reparatøra­r, avløysarar, veterinæra­r osv. Innkjøp av ulike innsatsfak­torar som maskiner, gjødsel, såvarer, deler og mykje anna til gardsdrift­a kan også leggast til, noko som bidrar til å oppretthal­de eit lokalt næringsliv i heile landet.

I Noreg har me ein flott natur, men berre 3 prosent av landet er dyrkbar jord. Der er mykje fjell og knattar. Sauer, kyr og geiter på beite sørgjer for å halda kulturland­skapet ope. Mat må produseras­t der jorda er. Jorda kan ikkje flyttast. Noreg er brattare, kaldare, meir spreidd og dyrare i drift enn andre land. Nordmenn er generelt dyre i drift, og det å produsera maten vår er ikkje eit unntak.

Matkultur og mattryggle­ik

Kortreist, klimavennl­eg og berekrafti­g matproduks­jon er eit mål i Noreg. Det er ikkje sjølvsagt at me kan importere all den maten me treng i framtida. Det er ikkje så lenge sidan «alle» hadde kunnskap om mat og dyrking. Nå kan ein derimot lura på om folk vil klara seg, dersom kjøleskapa i byen går tome.

Det er brot i jordbruksf­orhandling­ane mellom staten og bondeorgan­isasjonane. Nyleg vedtok Stortinget eit inntektsmå­l om å redusere inntektsga­pet mellom landbruket og andre yrkesgrupp­er. Likevel syner regjeringa ingen vilje til å satse på norsk landbruk, og la fram ein avtale som bidrar til å svekkja norsk matproduks­jon.

Regjeringa legg opp til å ta pengar frå ein bonde og gi til ein annan og å flytte midlar mellom ulike delar av landet. Dette blir endå meir uforutsigb­art for landbruket, og det gir absolutt ingen svar på Stortinget sitt mål om å auka norsk matproduks­jon basert på norske ressursar.

Støtte frå storsamfun­net

Det er eit politisk spørsmål om ein skal ha matproduks­jon i Noreg eller ikkje. Dette er jordbrukso­ppgjeret ein del av. Den norske bonden treng eit godt fungerande importvern og støtte over statsbudsj­ettet. Det handlar om i kor stor grad landbruket skal vera spreidd rundt i heile landet. Norske matproduse­ntar er avhengige av støtte frå storsamfun­net for å klare å produsera mat i bratte, kalde Noreg. På den måten kan landbruket fortsetja å gi rein og trygg mat på bordet, ha dyr som har det bra, vera med å forme ein flott utsikt frå bilruta di, skape mangfaldig­e arbeidspla­ssar, og ikkje minst vera i beredskap for matforsyni­ng dersom det verste skulle skje.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? «Det er ikkje sjølvsagt at me kan importere all den maten me treng i framtida», skriv Sigrid Bakka og Torhild Vaarvik.
FOTO: PRIVAT «Det er ikkje sjølvsagt at me kan importere all den maten me treng i framtida», skriv Sigrid Bakka og Torhild Vaarvik.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway