Stavanger Aftenblad

Leif Reiestad 70 år

- JUBILANT

Det var en gång ein lyslugga gut som heitte Leif. Han vaks opp i et gjennomsni­ttsheim på Jæren, og var en glad gut som for det meste gjorde som han blei bedt om. Han hadde pågangsmot, sjøltillit, kreativite­t og ei god dose temperamen­t. Så når Leif leikte med sine gode vener Per Egil og Lorents var det sjelden at nokon keia seg. Han Leif var glad i kompisane og kompisane var glad i Leif.

I ungdomstid­a budde han Leif i Asker. Her lærte han seg å snakka riksmål, og takka vere taleevna, tok det ikkje lang tid før han hadde mange vener. Han Leif blei veldig glad i damer, og damene blei glad i han. Men den han vart mest glad i var Astrid Margareta Bergqvist, som han henta med seg heim etter russetur til Sverige.

Sjølv om han Leif var ettertrakt­a, og modell for mang eit strikke-magasin, hadde han føtene godt planta på jorda. Eller midt mellom jorda og himmelen må ein vel seie. For Leif likte Jesus og Jesus likte Leif. Derfor fant Leif ut at han skulle verte predikant. Og han reiste frå Ogna i øst te Stavanger i vest for å spreie det gode budskapet.

Han fekk brukt taleevna si både som predikant og som lærer og rektor. Han likte å undervise, og både elevane på Skeiane, Sviland og Ålgård blei glad i Leif, og Leif blei glad i elevane.

Han Leif fekk 3 sjarmerand­e og snille barn. Og dei lærte seg at Bekkefaret 11 er ope for både fint-folk og mindre fintfolk. Han lærte ungane at om folk lukta vondt, såg skumle ut, eller lånte ting han aldreg fekk att, så kunne ein allikevel kalla dei vener. Så venene blei glad i Leif og Leif blei glad i venene.

Sjølv om Leif blei eldre, virka det som han blei meir og meir tilfreds med livet. Så når du ser han der han går med penselen i handa og eit smil om munnen går han kanskje å tenker på det neste måleriet han skal male, om reisene han skal ut på, ein vin han vil smake, eller ein ven han skal besøke. Husk å hils på han. Han Leif han elsker livet.

I dag, 24. mai, blir han 70 år. Barn og barnebarn er glad i Leif og Leif er glad i barn og barnebarn, så me håper alle at han lever til han blir 100.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway