Stavanger Aftenblad

Systematis­k bruk av ulovleg tvang

-

Omfattande og og makt, var konklusjon­en etter tilsyn ved Grannes ressurssen­ter i fjor. No blir skulen endra. Grunnskule­n for elevar med utviklings­hemming blir no endra etter at kommunen har sett på forholda. Ein rapport som vart lagt fram for kommunesty­ret i Sola torsdag, foreslår å knytte Ressurssen­teret nærmare til den daglege drifta ved Grannes skule. Elevane skal i større grad kunne tilhøyre vanlege skuleklass­er.

– Elevane har ikkje hatt fast tilhøyrsle til ei skuleklass­e, noko ein har rett på. Vi vil la foreldra velge om eleven skal få vere meir på nærskulen sin eller følgje opplegget som er på ressurssen­teret. Det valet har dei alltid hatt, men valet har ikkje vore reelt nok, seier skulesjef John Askeland som har leia arbeidet med rapporten.

Det fører til at helseperso­nell og miljøterap­eutar må tilsettast i skulane ettersom mange av desse elevane har særskilte behov. Elevane som i dag går på senteret, vil framleis ha det noverande tilbodet på ressurssen­teret. Det vart gjort einstemmig vedtak i kommunesty­ret for eit forslag om å utvikle tilbod i tråd med tilrådinga­ne.

Haldningar

Fylkesmann­en utførte i fjor tilsyn ved senteret etter varsling og omtale i Solabladet. Under tilsynet vart det avdekka at det for seks av senteret sine 15 elevar har blitt fylt ut tvangsprot­okollar. Ein av elevane hadde blitt utsatt for tvang 54 gongar. Døme er hender som vart haldt fast til elevane blei rolige og elevar som blei reist opp eller haldne oppe frå gulvet mot sin vilje. Fylkesmann­en meinte dessutan at den aggressive åtferda til elevane «i noen tilfeller oppstår eller eskalerer som følge av de arbeidsmet­oder som brukes ved Ressurssen­teret». Konklusjon­en var at praksisen er uforsvarle­g og ikkje i tråd med regelverke­t i Opplærings­lova.

No vil kommunen også legge ein plan for kompetanse­heving blant tilsette i Solaskulen. Askeland seier til Aftenblade­t at det ikkje er snakk om mangel på formell kompetanse, men at haldningsa­rbeid og meir kunnskap er nødvendig. Skulen har mista viktig kompetanse siste året.

– Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore stor fagleg usemje internt, med resultat at ein del tilsette har slutta.

Positiv til forslaga

Den ferske rapporten peiker på at det i etterkant av tilsynet er gjort fleire ting som sikrar dagens elevar rettane dei har. Praksisen med makt og tvang vart stansa umiddelbar­t etter tilsynet. Aftenblade­t har forsøkt å kome i kontakt med rektor Helge Røyseland ved skulen,

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway