Stavanger Aftenblad

Glade Hedda-vinnarar

Nina Ellen Ødegård og Arne Nøst er glade – og litt slitne – etter at Rogaland Teater fekk tre Hedda-prisar for «Orlando».

- JAN ZAHL

– Ja, dette var kjempekjek­t. For meg, for forestilli­nga, for heile teatret, seier Nina Ellen Ødegård ii går formiddag.

Søndag gjekk ho på scenen på Oslo nye teater for å motta Hedda-prisen for beste kvinnelege hovudrolle. «Orlando» fekk også pris for beste regi - ved Sigrid Strøm Reibo - og toppremien «Årets forestilli­ng slik Rogaland teater også gjorde i 2010, 2014 og 2015.

– Kva seier kollegene dine rundt om i landet om at Rogaland teater vinn «Årets forestilli­ng» år etter år?

– Dei er djupt fascinerte. Få av dei kjem seg dessverre til Stavanger og får sett noko av det me gjer. Men dei som såg «Orlando» likte det godt.

Kva klaffa?

Kva gjorde at «Orlando» blei så vellukka at det gav ny rekord i Hedda-nominasjon­a - sju! - og tre prisar? Verken Ødegård eller teatersjef Arne Nøst har ein nøyaktig fasit, men dei har nokre teoriar:

– Eit lite teater med eit veldig bra ensemble gjer at det kjem regissørar hit som tør å ta sjansar og driva litt laboratori­um. Skal du strekka deg i form og innhald, må du gjera ting du ikkje har gjort før. På «Orlando» var det kunstnaris­ke teamet veldig sterkt. Alle tok leiinga, alle lytta, alle fekk snakka. Det var rett og slett både elevar og lærarar om kvarandre, seier Ødegård.

– Mykje av teaterkuns­ten er ei samansett greie. Mange ting skal gripa inn i kvarandre - utan at du skal merka grepet. Den ultimate teateroppl­evinga for meg, er når det bare flyt av garde, seier Nøst. Utfordring­a er at di meir ingrediens­ar du prøver å stappa inn i retten, di verre er det å få til:

– I dette tilfellet skulle det veldig mykje inn, veldig mykje på tallerken. Og så veit du ikkje korleis balansen mellom ingrediens­ane blir før veldig seint i prosessen, eigentleg på premieren.

Sjølv visste Ødegård lite om korleis sluttresul­tatet ville bli før dei begynte å spela for folk:

– Eg stod midt på scenen, omgiven av masse video, teknikk og maskineri, og var usikker på korleis dette var. Då det blei premiere og folk kom og såg, skjønte eg at det var bra. At det var ei deilig, viktig og humanistis­k framsyning som trefte fleire enn eg hadde trudd.

Skal me laga litt gull?

– «Orlando» blei ei framsyning du aldri har sett før på Rogaland Teater. Ingrediens­ane er kjende kvar for seg - sterk regi, sterk hovudrolle, bra ensemble. Men korleis alt klaffar, er eit mysterium - men eit vakkert mysterium, analyserer Nøst. Og legg til at det eigentleg ikkje nyttar å analysera dette.

– Det høyrest ut som «Skal me laga litt gull?». Nesten like mystisk, men likevel ikkje.

Ødegård spelte altså tittelroll­a som Orlando, ein mann som blir kvinne og som lever i 400 år. Korleis gjer ein det?

– Eg tenkte eigentleg bare at eg skulle prøva å finna ut kven Orlando var.

– Orlando bruker 400 år på å ikkje finna det ut?

– Eg finn mennesket som alltid søker, som vil leva eit vilt og poetisk liv, som vil oppleva den store kjærleiken, som vil leva meiningsfu­llt og viktig. Det handlar om dei store spørsmåla.

Provinstea­trets siger

Kva seier det om Rogaland teater - og om teaternorg­e - at tre av dei fire siste åras beste framsyning kjem frå Stavanger, ein by i provinsen? Nøst veit ikkje kva det seier om dei andre teatra. Men han meiner det seier noko om at Rogaland Teater er godt rigga med fleire lag som spelar saman:

– Så når det kjem ein regissør til oss, er me eit ja-teater.

Nøst møtte ein svenske på premierefe­sten som sa at dette aldri ville skjedd i Sverige. Der er det nemleg bare hovudstade­n Stockholm som gjeld, og eit regionteat­er ville aldri blitt innrømma å halda så høg kvalitet.

Dilemmaet er at få utanfor Stavanger-regionen får sett det som går på Rogaland teater.

– Dermed foreslo eg i går at vinnaren av Årets forestilli­ng året etter kjem til Oslo og spelar framsyning­a i samband med Hedda-prisutdeli­nga. Ideen blei godt teken i mot, men er på ingen måte realitetsb­ehandla ennå, seier Nøst.

Men skulle det bli til at «Orlando» blir sett opp nokre dagar i Oslo i juni neste år, skal du ikkje sjå bort frå at det blir nokre speledagar i Stavanger også. Då er det bare å kjenna si besøkstid, for det beste teatret i landet blir altså for tida laga i Stavanger.

 ?? FOTO: TERJE PEDERSEN / NTB SCANPIX ?? Søndag fekk Nina Ellen Ødegård Heddapris for Årets beste kvinnelege hovudrolle for innsatsen i «Orlando».
FOTO: TERJE PEDERSEN / NTB SCANPIX Søndag fekk Nina Ellen Ødegård Heddapris for Årets beste kvinnelege hovudrolle for innsatsen i «Orlando».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway