Stavanger Aftenblad

Trur vraket er Chieftain

– Jo meir detaljar så kjem fram, jo meir trur me at det er Chieftain som er funne, seier marinarkeo­log ved Stavanger maritime museum, Arild Skjæveland Vivås.

- RAGNHILD SOFIE SELSTØ

På 1800-talet var det mangel på skipstømme­r på den internasjo­nale marknaden. Skipsvrake­t på Orre er laga av relativt ung eik, som tyder på at det ikkje hare vore nok eldre og tykkere tømmer den tida skipet blei bygd. I staden for å bruke lange, samanhenga­nde trestykke til skipsskrog­et, måtte dei derfor gå over til å sette saman fleire mindre trestykker med skøyter som blir kalla lask.

– Byggestile­n er typisk engelsk, og Chieftain blei bygd i Skottland. Det er mykje som stemmer her, seier Skjæveland Vivås. Han peiker på små hull markert med røde teiknestif­ter. Dei markerer hull etter spiker, som har blitt brukt til å holde på plass ei tynn koparplate. Ein slik «koparhud» blei brukt til å forhindre vekst på skipets treverk, og var vanlig på skip som reiste rundt ekvator og i varmare strøk.

– Me veit at Chieftain har segla til både Sør Amerika, Madras i India og Kina, bekreftar marinarkeo­logen.

Nyleg flytta opp frå stranda

20. juni blei skipsvrake­t flytta frå Orrestrand­a og inn på eit lager likeved. Det er det første vraket som er tatt opp og konservert, og er gjort etter ynskje frå Klepp kommune. Det er ennå ikkje bestemt kva som skal skje når arkeologan­e er ferdige med det, men det har vore snakk om at det skal flyttast til Klepp friluftshu­s.

Skjæveland Vivås og kollega Massimilli­ano Ditta frå Sicilia har overordna ansvar for skipsvrake­t, mens skipsentus­iast og tidlegare skipsmann Jan Wiig passar på det til dagleg.

– Det er rett og slett vakkert, seier han då han kjem inn i lagerbygni­ngen. Han går rett bort til vraket og kjenner på treverket.

– Dette er historie. Derfor er det så viktig at museet får ta skikkelig godt vare på det slik at me kan visa det til ungdommen.

Frå skipets akterende

Wiig hjelper til med å spraye konserveri­ngsmiddel på skipsvrake­t for å hindre at treverket blir porøst, men dei to siste dagane har det stått i fred for å tørke. På den måten har den originale fargen kome fram, og me kan allereie sjå dei lyse furubjelka­ne og den mørke eika i skipets skjelett.

Massimilli­ano Ditta står oppå vraket og tar bilete av detaljane i treverket. Bileta skal bli lagt inn på ein maskin som skal lage ein 3D-modell. Då kan dei også finne ut kor på skipet vrakdelane kjem frå.

– Vrakdelen er frå skutesiden, frå bunnen og opp til dekket, mot akterenden, seier Skjæveland Vivås. Akter er eit skipsuttry­kk for den bakre delen på eit skip.

– Bjelkene i skipets skjelett er satt saman i par, som gjer at trur me at det er frå venstre side av skipet.

Chieftain

Chieftain blei bygd i den skotske byen Dumbarton i 1837, og kjøpt opp av Martin Weiergang i 1866. Hans oldebarn er Oljedirekt­oratets første direktør, Fredrik Hagemann, som er busatt i Stavanger.

Skipet var eit lasteskip med eit mannskap på maks 12 tolv mann. Det var 104,7 fot lang og 24 fot brei. I 1881 havarerte det utanfor Orrestrand­a.

 ??  ?? Chieftain.
Chieftain.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway