Stavanger Aftenblad

Færre bustader til vanskelegs­tilte

Ordføraren i Sandnes reagerer på at regjeringa kutta støtte til bustader for vanskelegs­tilte. Konsekvens­en er færre nye heimar til rusavhengi­ge og andre som slit med å finne seg ein heim.

- BIRGITTE FLOTE

Sandnes kommune har lenge jobba for å skaffe bustader til dei som verken eig eller leiger sjølv. I 2016 var 110 personar utan bustad, medan talet var 244 i 2012, viser ei kartleggin­g frå by- og regionsfor­skningsins­tituttet NIBR.

Men ei endring i regjeringa sitt reviderte nasjonalbu­dsjett gjer det vanskeleg å halde fram i same retning. No må det nemleg vere døgnbemann­ing på slike bustader for at kommunane får innvilga støtte, såkalla momskompen­sasjon på investerin­gar.

Færre bustader

– For vår del betyr det at ein fjerdedel av finansieri­nga av slike bustader forsvinn no. Det betyr at vi ikkje klarer å bygge så mange som vi ønska, seier ordførar Stanley Wirak (Ap).

I Sandnes er det planlagt å bygge 26 småbustade­r innan 2018 for rusavhengi­ge, menneske som slit psykisk eller andre som slit med å finne bustad. Desse skal bli spreidd rundt om i heile byen med mål om å plassere dei i vanlege bumiljø.

– Her brukar ein ikkje nødvendigv­is fast bemanning, men heimetenes­te eller miljøterap­eutar. Vi vil framleis få støtte til dei aller, aller svakaste, men mange av bustadane har ikkje døgnbemann­ing, seier rådgjevar Bodil Sivertsen.

Skal Sandnes likevel klare å bygge dei planlagde bustadene, må dei få tak i 11 millionar i eit allereie stramt budsjett.

– Alt er mogleg, men det kjem jo på toppen av alt det andre. Då må vi prioritere ned noko anna, seier Wirak.

Stram økonomi

– Om regjeringa ønsker færre bustadslau­se, må dei gi kommunane verkemidde­l til å løyse dette. Dette gjeld alle kommunane. Og for Sandnes som har stram økonomi, vil dette ha ganske mykje å seie, seier Sivertsen.

Sandnes har bedt regjeringa vurdere korleis dette kan gjerast anleis. I eit brev signert ordføraren står følgjande: «Det kan vanskelig forstås at dette er forenlig med Regjeringe­ns satsing på rusområdet. For Sandnes er bolig vesentlig for at målgruppen bostedløse og personer med rus/ psykiske lidelser skal ytes et fullverdig tilbud».

Rusavhengi­ge

Halveringa i andelen bustadslau­se heng både saman med nedkonjunk­tur i bustadmark­naden og kommunen si satsing på området. Men talet er framleis høgt samanlikna med andre kommuner. Berre Bergen har ein høgare andel per tusen innbyggar.

Den nasjonale kartleggin­ga viser dessutan at ein større del av dei bustadslau­se i Sandnes har samansette problem enn bustadslau­se på landsbasis.

I eit notat til bystyret frå juni, skreiv administra­sjonen ved rådmann Bodil Sivertsen at unge under 25 år er ei særskilt utfordring. Dessuten er heile 80 prosent av alle dei bustadslau­se i Sandnes rusavhengi­ge og 37 prosent slit psykisk.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? Sandnes-ordfører Stanley Wirak (Ap).
FOTO: NTB SCANPIX Sandnes-ordfører Stanley Wirak (Ap).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway