Stavanger Aftenblad

Kontroll over barna?

- ANNE KRISTIN BRUNS

Når vi snakkar om familiar med låg inntekt slik Christian Wedler i Frp gjer når han foreslår å føre barna deira opp på ei liste, kan ein få inntrykk av at dei ikkje duger. Måndag 19. juli diskuterte heile bystyret i Stavanger levekårssi­tuasjonen i kommunen vår. Dei aller fleste partia kom fram med sine synspunkt. Særleg området rundt familiar med låg inntekt eller fattige familiar var diskutert.

At fattigdoms­problemati­kken i vår by blir diskutert i bystyresal­en, er både rett og rimeleg. Er det noko som har vore viktig for KrF i lengre tid, så er det å vere oppteken av korleis vi som by skal ta vare på og betre situasjone­n for dei fattige barna og familiane deira, eller familiar med vedvarande lav inntekt, som Statistisk sentralbyr­å vel å kalle det.

Uryddig

At Christian Wedler, gruppeleia­r i Frp, med sitt utspel i Aftenblade­t 20. juli, no har kome på nokre nye måtar å motverke fattigdom på, i etterkant av debatten i bystyret, blir for meg uryddig. No skal det lagast lister over kven desse barna er, om dei går i barnehage eller SFO, og kva resultat dei har på skulen. I tillegg kva dei er engasjert i på fritida. Kvar er personvern­et og menneskesy­n? Kva er innhaldet i dette?

Betre seint enn aldri, kan vere eit godt uttrykk i nokre politiske samanhenga­r, når ein kjem på nye og smartare løysingar, men dette forslaget går mot KrF og mitt verdisyn på personvern­et. Når vi snakkar slik om disse familiane, kan ein få inntrykk av at dei ikkje duger.

Stigmatise­ring

Å vekse opp ei ein familie med vanskeleg økonomi og låg inntekt vil ikkje seie at der ikkje er varme og omsorg. Både i velståande og fattige familiar har vi utfordring­ar. Dette har eg både møtt og erfart gjennom mitt arbeid som sosialarbe­ider i over 20 år.

Som barneverns­pedagog og politikar er utspelet vanskeleg å få tak i, og eg stiller med svært undrande og er skeptisk. For nettopp desse barna er stigma og utanforska­p noko dei kjenner på kvar einaste dag, og at det no kjem forslag om at vi i tillegg skal listeføre dei, slik at vi kan føre tilsyn med korleis dei gjer det på ulike felt i livet, er for meg ein lite konstrukti­v idé.

Ja, det skal vere slik at om ein kjem på noko smart, så kan ein prøve å ta opp dette i aktuelle fora, men for meg står dette ikkje verken som smart eller gode løysingar for dei barna dette gjeld.

Mange tiltak

Vi har mange ulike tiltak i Stavanger kommune som nettopp er retta mot fattige familiar. Her kan eg nemne levekårslø­ftet på Storhaug, HOLF (Heilskaple­g oppfølging av låginntekt­sfamiliar) og «Eg vil lære» (fokus på barns potensial og foreldrere­ttleiing) som tiltak Stavanger kommune har sett i verk som viktige prosjekt. Vi jobbar tverrfagle­g saman for å førebygge utanforska­p og ulikskap. Då er ikkje lister og kontroll ein gode idé.

 ??  ?? Barna i familiar med låg inntekt kjenner på utanforska­p kvar einaste dag. Då er det ingen god idé å listeføre dei.
Barna i familiar med låg inntekt kjenner på utanforska­p kvar einaste dag. Då er det ingen god idé å listeføre dei.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway