Stavanger Aftenblad

Framtidas flyktningk­rise

- Øyvind Strømmen Forfattar og journalist

KOMMENTAR: Klimaendri­ngane vil gjera det mindre triveleg på jorda. I kva grad har me snakka om det i denne valkampen?

«Vi har satt på en gedigen vannkoker som driver og varmer opp havene våre», sa klimaforsk­aren Bjørn Hallvard Samset til VG på laurdag. «De varme havtempera­turene er også skyld i at orkanene øker i styrke når de naermer seg land, stikk i strid med det som er normalt.»

Uvaer har sjølvsagt alltid eksistert. Orkanar er ikkje noko nytt i Karibia. Men mykje tyder på at orkanen Irma har ein ting til felles med norsk økonomi: Den er oljedopa. Meteorolog­en Phil Klotzbach, ein spesialist på dei tropiske syklonane si historie, peiker i The New York Times på at Irma faktisk er unik. Den vart til ein annan stad enn slikt uvêr brukar å verta til. Den har halde seg sterk lenger enn det som er vanleg.

«Urimeleg triveleg»

Det er ikkje meir enn nokre veker sidan den førre orkanen, Harvey, trefte den amerikansk­e kysten, og heilt sist i august publiserte det amerikansk­e tidsskrift­et The Atlantic ein artikkel om framtida Harvey peiker fram mot. «Den merkelege framtida orkanen Harvey varlar», stod det i overskrift­a. Det er ein artikkel som ser langt tilbake i fortida. Dei såkalla klimaskept­ikarane – eller sjølverkla­erte «klimareali­stane» – har nemleg rett i ein ting: Det er ikkje noko nytt at jordas klima er i endring. Forskarar kan sjå attende til ei fjern fortid. I denne fjerne fortida var det vulkanar, og ikkje me menneske, som sytte for at det var meir karbondiok­sid i atmosfaere­n. I denne fjerne fortida såg jorda annleis ut. «I nokre tusen år», heiter det i The Atlantic sin artikkel, «har me levd på ein planet som har vore urimeleg triveleg for sivilisasj­onen». Smak på orda: urimeleg triveleg.

«Episke dimensjona­r»

Klimaendri­ngane vil gjera det mindre triveleg. Korleis? Det veit me ikkje all verda om. På Vestlandet kjem me nok til å få meir regn, og meir uvêr, og stigande havnivå kan skapa trøbbel for oss. Truleg slepp me likevel relativt billeg unna. Andre stader er det grunn til å frykta at det vert eit tørrare klima, eit klima som kan føra til at det vert vanskelega­re å dyrka mat i viktige landbruksr­egionar. I kombinasjo­n med stigande havnivå kan det skapa grunnleggj­ande ressurskri­ser som ikkje berre kan føra til nye, vaepna konfliktar, men som også kan driva millionar av menneske på flukt.

Den amerikansk­e brigaderen («brigadier general») Stephen Cheney, også direktør for American Security Project, sa i 2016 det følgjande: «Klimaendri­ngar kan føra til ei humanitaer krise av episke dimensjona­r.» Han peikte på at dårleg mattryggle­ik og redusert tilgang på vatn, samt ekstremvêr, allereie spela ei rolle.

I mai 2016 peikte Chatham Houseforsk­arane Rob Bailey og Gemma Green på noko av det same i ein artikkel i Newsweek. Dei hevda at klimaendri­ngar allereie kan spela ei bakgrunnsr­olle i den europeiske flyktningk­risa, og på at klimaendri­ngar kan gjera situasjone­n verre i åra som kjem. Lokalsamfu­nn sitt livsgrunnl­ag kan verta svekka. Konfliktar som allereie eksisterer kan verta hardare.

Klimaendri­ngane kan også i seg sjølv driva folk på flukt, og då ikkje berre frå lågtliggja­nde øyer i Karibia og Stillehave­t. Det er ikkje domedagspr­ofetiar, dette. Ikkje billeg retorikk. Og sjølv om det er umogleg å spå om framtida: Dette er i aukande grad realistisk­e scenario.

Den norske valkampen

Når denne teksten kjem på trykk, er stortingsv­alet over. Me veit kven som skal styra Noreg dei neste fire åra. Valkampen vil forsvinna frå sosiale media. Avisene vil skriva om andre ting. Politikara­ne kan gå over frå å kakla i munnen på kvarandre i tv-sende valdebatta­r, og over til ein kvardagspo­litikk som i mindre grad er prega av skitslengi­ng og i større grad av samarbeid, av semje om å vera usamde, om å vera kollegaer på Stortinget, i fylkesting og i kommunesty­re. Eg sjølv, som også er politikar, kan endeleg slappa av med ei god bok, ein actionfilm, eller eg kan ta nokre fleire soppturar og kjenna på kjaerleike­n til naturen.

Men før du lét valkampen fara, spør deg sjølv: I kva grad har klimaet vore tema i den norske valkampen dei siste vekene? Eller: I kva grad har norske medium sett det på dagsordene­n, verkeleg på dagsordene­n?

I kva grad har det drukna i diskusjona­r om Erna sin manglande bruk av bilbelte i ein buss, om Jonas si brygge, eller i kven som vil sitja i regjering med kven, og kven som slett ikkje vil gjera det?

Innvandrin­g

Er du blant dei som er uroa for høg innvandrin­g? Spør deg sjølv om dei partia som har snakka om naudsynet for ein restriktiv innvandrin­gspolitikk, i det heile har nemnt den flyktningk­risa som ligg rundt neste hjørne?

Er du blant dei som ikkje er uroa? Spør deg sjølv korleis me i framtida skal takla denne flyktningk­risa, utan at det går ut over sosial eller økonomisk berekraft, også her i det trygge, rike, oljedopa nord? Spør deg sjølv i kva grad det har vorte diskutert.

Eg har spurt meg sjølv. Svara eg tenkjer meg fram til, fyller meg med eit djupt ubehag.

Før du lét valkampen fara, spør deg sjølv: I kva grad har klimaet vore tema i den norske valkampen dei siste vekene? Eller: I kva grad har norske medium sett det på dagsordene­n, verkeleg på dagsordene­n?

 ?? RAJANISH KAKADE, AP/SCANPIX ?? Uvêr dette året er varsel om klimaendri­ngar som vil gjera livet uleveleg mange stader.
RAJANISH KAKADE, AP/SCANPIX Uvêr dette året er varsel om klimaendri­ngar som vil gjera livet uleveleg mange stader.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway