Stavanger Aftenblad

Sara Mauland (Raudt) si politikarl­ønn går rett til partiet

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no Geir Søndeland geir.sondeland@aftenblade­t.no

VAL 2017: Privatpers­onar i Rogaland har gitt over 200.000 kroner i valkampbid­rag. Sara Mauland i Raudt gir klart mest. Ho har ikkje anna val.

Sara Mauland (Raudt) har gitt 67.200 kroner til partiet sitt. Totalt har privatpers­onar i Rogaland gitt 200.230 kroner i valkampbid­rag, viser ei oversikt på partifinan­siering.no som SSB og Kommunal- og moderniser­ingsdepart­ementet står bak (sjå oversikt i faktaboks).

– Eg gir alltid så mykje, valkamp eller ikkje. Vi har vedtatt at alle lønna politikara­r skal gi det dei tener til partiet. Sidan politikara­ne i Stavanger tener ganske godt, blir det ein fin sum, seier Mauland.

– Nødvendig

For Ap er arbeidsliv­sorganisas­jonar viktige, og LO gjekk tidleg i vår ut og sa at dei ville gi ti millionar i støtte til partiet. Høgre får på si side store summar frå det private naeringsli­v.

– Eg såg tidleg at dette kom til å bli ein veldig jamn valkamp. Eg har stor rettferdss­ans og kunne ikkje sitte å sjå på at Ap fekk mange millionar kroner frå LO og at Høgre kom til å få nokre millionar frå rikingar, medan Frp ikkje ville ha noko å stille opp med, seier Christian Wedler i Stavanger Frp.

Politikare­n ga difor 38.000 kroner til partiet sitt. Han meiner pengebidra­ga er viktige for partiet fordi han opplever at partiet i liten grad når ut med bodskapen sin i mediene.

– Betalt reklame blir viktigare og viktigare for å få ut bodskapen. De i mediene vil ikkje skrive om Frp sine løysingar på folks problem. De vil heller skrive om retorikk og sjau.

Statleg støtte er størst

Førsteaman­uensis Svein Erik Tuastad ved Uis meiner dei private bidraga ikkje er store nok til å få stor innverknad på valet. Den statlege støtta utgjer 60 prosent.

– Det norske systemet er basert på nøytralite­t i og med statlege bidrag til partia framleis utgjer ein så stor del. Det gir liten risiko for uhøvelege bindingar. Store oljeaktøra­r kjøper ikkje opp partia, slik ein ser tendensar til i andre land.

– Men det er klart at pengar frå private givarar er kjekt å ha. Ein kan kjøpe reklame som ein kanskje ikkje hadde hatt råd til utan. Når Frp lagar ei reklame der det står «fjern eigedomssk­atten», får dei fram ein bodskap som dei ikkje har fått snakka så mykje om i debattar, seier han.

95 millionar på valkamp

Ein gjennomgan­g NRKhar gjort, viser at dei ni største partia samla planla å bruke 95 millionar på valkamp i år. I 2013 brukte dei 83 millionar.

Raudt står for den støreste auka. Medan dei i førre stortingsv­al brukte rundt 800.000 kroner på valkampen, har dei i år eit budsjett på 1,9 millionar kroner. Vegen er likevel lang til Ap som bruker 30 millionar.

For Raudt er enkeltpers­onane spesielt viktige ettersom den offentlege støtta blir gitt med utgangspun­kt i partiet si oppslutnin­g. I 2015 utgjorde private bidrag 14 prosent av inntektene til partiet medan tilsvarand­e tal for Ap var under éin prosent, viser tal frå oppslagsve­rket Alkunne.

– Vi er eit parti med små midlar, så bidrag frå medlem og Raudt-sympatisør­ar er svaert viktig for oss, seier valkampsek­retaer Benedikte Pryneid Hansen.

Ho opplyser at partiet ved forrige opptelling hadde fått inn i overkant av 850.000 kroner i gåver frå private, både store og små summar.

Gir gledeleg vekk lønna

Mauland er tilsett ved Universite­tet i Stavanger og har ei årslønn på rundt 500.000. Det plagar ikkje henne å måtte gi vekk politikarl­ønna.

– Eg hadde nok gitt like mykje om Raudt ikkje hadde ei slik ordning. Det trur eg gjeld for fleire. Det har vore diskusjon, men det kom av at ikkje alle var like orientert i forkant. Vi har enkelte unntak, til dømes for studentar som går glipp av deltidsjob­b ved å vere i politikken. Ein skal ikkje gå med økonomisk tap.

– Risikerer de å miste politiske talent med ei slik ordning?

– Om vi mister folk på grunn av dette, kan vi berre miste dei. Er pengane ein motivasjon for å gå inn i politikken, er det feil person for partiet. Vi vil ha idealistar.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? I Sara Mauland sitt parti har dei vedteke at alle som tener pengar på politikken, skal gi dette til partiet (med enkelte unntak). Det gjer ho til den mest gavmilde privatpers­onen i Rogaland.
FREDRIK REFVEM I Sara Mauland sitt parti har dei vedteke at alle som tener pengar på politikken, skal gi dette til partiet (med enkelte unntak). Det gjer ho til den mest gavmilde privatpers­onen i Rogaland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway