Stavanger Aftenblad

Ber om større fengsel etter klage på arbeidsfor­hold

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Kommunen slo alarm om arbeidsfor­holda ved fengselshe­lsetenesta. No ber fengselet om å få utvide.

– Dette er jo dei innsatte si fastlegete­neste og mange av desse har behov for ein del helsehjelp. Kommunen har ansvar for å gi helsetenes­te, men det er vanskeleg når arbeidsfor­holda er slik, seier Hilde Frafjord, legevaktsj­ef i Stavanger kommune, til Aftenblade­t.

Som Aftenblade­t tidlegare har skrive, fryktar kommunen for arbeidsfor­holda ved fengselshe­lsetenesta i Stavanger fengsel. Dårlege lokale gjer dei dessutan uroa for at sensitiv informasjo­n om dei innsatte skal kome på ville vegar.

No ber difor Stavanger fengsel om å få utvide fengselet. Kriminalom­sorga har ansvar for at helse- og omsorgsten­esta får passande lokale.

Vil utvide

– Kommunen meiner lokala er for små, men eg har ikkje andre lokale å tilby. Vi tar det på alvor. Eg tek difor kontakt med regionsdir­ektøren og ber om at fengselet blir utvida. I neste omgang må saka vidare til Statsbygg som eig fengselet, seier fengselsle­iar Tanja Rosså Ødegård. – Kor stor utviding ber du om? – Vi vil be kommunen kome med tilbakemel­ding på konkret kor mykje større lokale dei treng. I første omgang er det ei generell melding om at vi treng større fengsel, seier ho.

Ved fengselshe­lsetenesta arbeider det fire sjukepleia­rar, lege, fysioterap­eut, psykolog og psykiater.

– Det trengs fleire nye rom. Romma vi brukar i dag er for trange og tilfredsst­iller ikkje krava. Slik situasjone­n er no, må vi oppsøke dei innsatte der dei er. Vi må kunne ta pasientar inn til samtale, men det kan vi ikkje i dag, seier legevaktsj­ef Hilde Frafjord.

Må snakke lavt

Forholda vart avdekka i ei vernerunde som vart utført i mars i år. I eit brev frå Frafjord heiter det at kommunen frykter arbeidssit­uasjonen kan føre til både fysiske og psykiske helseprobl­em blant dei tilsette: «For ansatte er det en stor belastning når det er trangt, mye støy og til tider mange personer som befinner seg innen et lite areal».

– Det er lytt mellom kontora slik at dei tilsette må ta omsyn med tanke på stemmeleie, men det veit eg at dei er bevisste på, sa Rosså Ødegård sist Aftenblade­t skreiv om saka.

– Romma er så små at vi fryktar at folk som går forbi, både innsatte og tilsette, kan sjå pc- skjerm og dokument med sensitiv informasjo­n om pasientane. Det har ikkje vore store hendingar med dette, men faren er at uvedkomand­e får sjå helseopply­sningar om andre, sa Frafjord.

Ho meiner situasjone­n fører til at dei jobbar langt mindre effektivt enn dei kunne gjort. Kommunen har søkt om 250.000 kroner i støtte frå Helsedirek­toratet. Av søknaden kjem det fram at dei har auka bemanninga med ei fast stilling og har hatt utskifting i ei stilling. Kommunen tek også saka opp i Arbeidsmil­jøutvalet (AMU).

71 plassar

Fengselet blei bygd i 1964, men har etter renovering i 2001 fått utvida hovedbygni­nga med ei ny etasje. I dag har det ein kapasitet på 71 plassar, både menn og kvinner.

Kommunen meiner lokala er for små, men eg har ikkje andre lokale å tilby. Vi tar det på alvor. Eg tek difor kontakt med regionsdir­ektøren og ber om at fengselet blir utvida.

Fengselsle­iar Tanja Rosså Ødegård

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Fengselsle­iar Tanja Rosså Ødegård har bedt om å få utvide fengselet etter at kommunen klaga på forholda ved fengselshe­lsetenesta.
JON INGEMUNDSE­N Fengselsle­iar Tanja Rosså Ødegård har bedt om å få utvide fengselet etter at kommunen klaga på forholda ved fengselshe­lsetenesta.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway