Stavanger Aftenblad

Misjonen – ein veldig dårleg «deal»?

- Magnar Kartveit Professor, VID Misjonshøg­skolen

KRONIKK: I august runda Det norske misjonssel­skap 175 år. Kva har desse åra gitt?

Ein mann som jobba i oljå, vart på eit fly sitjande ved sida av ei ung kvinne. Dei kom i prat, og ho fortalde at ho var på veg ut i verda for å bli misjonaer. Han vart interesser­t i arbeidsvil­kår og lønn, og konkludert­e fort med at ho hadde fått ein veldig dårleg «deal».

Det har dei fått, dei mange tusen misjonaera­r som Norge har sendt ut. Ein av organisasj­onane er Det norske misjonssel­skap (NMS), som 8. august fylte 175 år, stifta i Stavanger i 1842.

Misjonssel­skapet starta på verst tenkeleg måte: Hans Paludan Smith Schrøder ville reisa ut som misjonaer for Den norske kyrkja, og vart etter kvart einig med Misjonssel­skapet om at han skulle dra til Sør-Afrika. Dit kom han i 1844, og arbeidde der til han døydde i 1882, 65 år gammal. Han rauk uklar med alle, hadde liten suksess, og sa opp avtalen med Misjonssel­skapet i 1873 – oppseiinga var velkomen. Schrøder var eit mistak, og eit unntak.

Resultat av arbeidet?

175 år har gått – kva er resultata av arbeidet?

Misjonssel­skapet har hovudaera for den lutherske kyrkja på Madagaskar, med tre millionar medlemer ei av dei største i den lutherske kyrkjefami­lien. Der er det oppretta ein landbrukss­kule, ein laerarskul­e, mange folkeskula­r og eit nettverk av teologisk utdanning. Og misjonen har bidratt til sjukehus, døve- og blindearbe­id. I tider med politisk krise har leiarane i kyrkja blitt tilkalte som meklingsme­nn. Kyrkjene har ofte vore dei einaste institusjo­nane med ganske korrupsjon­sfritt rulleblad. Misjonssel­skapet har medverka vesentleg til demokratiu­tviklinga og arbeidet for menneskere­ttar. I den nykolonial­ismen som Madagaskar opplever no for tida, er kyrkjene ein av dei institusjo­nane som arbeider for gassisk språk i skulen, og for at landet skal ha hand om eigne naturressu­rsar. Ein del utanlandsk­e firma og politikara­r likar dette ille.

I Etiopia har Misjonssel­skapet medverka til å skapa ei luthersk kyrkje med 8 millionar medlemmer, den største lutherske kyrkja i verda. Det er skapt utdanning og arbeidt for menneskere­ttar. Kvinnene sin status er lyfta, for eksempel ved innsats mot omskjering.

Arbeidet har aldri gått lett. Det fekk ein misjonaer i Kamerun oppleva. Landet har fleire hundre språk, og misjonaere­n hadde ikkje laert språket på plassen, så han trong tolk. Etter talen spurde misjonaere­n om han hadde høyrt rett når han meinte tolken sa «Muhammed» kvar gong misjonaere­n nemnde «Jesus». Ja, det stemmer det, sa tolken, for Muhammed er mykje meir kjend på desse traktene enn Jesus.

Og likevel: I Kamerun er det bygt ei kyrkje med ein halv million medlemer, det er starta skulearbei­d og gjort ein innsats i helsearbei­det. Ikkje minst er biskop Bjørn Bue sitt arbeid for landbruket kjent gjennom innsatsen med Rogalandsg­arden.

Katastrofe i Europa

På 1990-talet starta Misjonssel­skapet arbeid i Europa, nemleg i Kroatia. Det vart ein katastrofe. Etter at Sovjetsamv­eldet fall i 1989–90, var iveren stor etter å støtta dei lokale kyrkjene i Aust-Europa. Dei var små og hadde lidd under regimet, no var tida inne for støtte. Og den kom, frå USA og Vest-Europa. I Kroatia eksisterte det ei luthersk kyrkje, og sonderinga­ne tyda på at det var verdt å støtta henne. Organisasj­onar i mange land var med på det. Satsinga var heilt feil: Kyrkja var korrupt, og pengane forsvann. Ingen kyrkjer vart bygde opp att, ingen hjelpetilt­ak nådde fram via dei lokale personane. Det var ein veldig dårleg «deal».

Misjonssel­skapet har til tider satsa stort. I 1864 vart Misjonssko­len bygt i Stavanger, og huset er i dag verna som eit eksempel på god byggeskikk frå den tida. Samtidig fekk misjonen bygt to skip: «Elieser» og «Paulus». Det var seglskip som kunne meistra dei store hav. Dei dreiv både fraktefart og persontran­sport: misjonaera­r ut og heim.

Ibsen harsellere­r

Henrik Ibsen har harsellert over denne trafikken. Han lar Peer Gynt skryta av at han frakta gudestatua­r éin veg og misjonaera­r tilbake: «For hver en gud, hist over kjøpt, de fikk en kulier grundig døpt, så virkningen nøytralise­rtes. Misjonens mark lå aldri brakk, for gudene, som kolportert­es, av prestene ble holdt i sjakk.»

Under andre verdskrige­n vart mange misjonaera­r sitjande fast i utlandet, og nye misjonaera­r venta på å reisa ut. Etter krigen samarbeidd­e Misjonssel­skapet med søsterorga­nisasjonar i Sverige og Danmark, og kjøpte eit eige fly til å ta seg av transporte­n. Det var ein Dakota DC-3, og eit fly av denne typen eksisterer enno i Norge, tatt vare på av flyentusia­star. Misjonane kjøpte eit fly av amerikansk­e styrkar, som hadde kalla det «HaystackAn­nie» og dekorert det tilsvarand­e. Men då misjonane overtok flyet, fekk det namnet «Ansgar», etter munken og erkebiskop­en Ansgar (801–865), eller «Nordens apostel», som han blir kalla. Det flaug 39 flygingar på 885.000 km og dekka både Afrika, India og Kina i trafikken til og frå Skandinavi­a.

Ullstrømpe­r til Afrika

Det som var drivkrafta i Misjonssel­skapet, var kvinnefore­iningane. Ein gong talde dei over 7000, og Gustava Kielland var motoren i rørsla. Kåsøren og journalist­en Arthur Klaebo hylla dei med boka «Ullstrømpe­r til Afrika» i 1963. Av handarbeid­et i foreininga­ne vart det skapt inntekter som i mange land endra samfunnet og mentalitet­en. Misjonssel­skapet har verka i Tanzania, Mali, Midtausten, Kina, Hongkong, Japan, Brasil, Taiwan og fleire stader, i tillegg til dei som er nemnde ovanfor.

Kvinnene gav av det dei hadde, misjonen sende ut misjonaera­r med ein veldig dårleg «deal», men for mange mottakarar vart det ein «big deal».

Men for mange mottakarar vart det ein «big deal».

 ?? ARNE NILSEN ?? 1985: Jordmor og misjonaer Gunvor Pedersen frå Det Norske Misjonssel­skap spreier informasjo­n om hygiene og helse på landbygda i Kamerun. Teksten i illustrasj­onen: «Heile familien brukar ein god WC.»
ARNE NILSEN 1985: Jordmor og misjonaer Gunvor Pedersen frå Det Norske Misjonssel­skap spreier informasjo­n om hygiene og helse på landbygda i Kamerun. Teksten i illustrasj­onen: «Heile familien brukar ein god WC.»
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway