Stavanger Aftenblad

Den ny-liberale stormen

- Eirik Magnus Fuglestad PhD i sosiologi

KRONIKK: Blenda av retorikk om individuel­l fridom og private initiativ, har Noreg glide mot at marknadskr­eftene styrer meir av samfunnsut­viklinga.

Historia er å likna med ein engel fanga i ein storm, så sterk at engelen ikkje klarer opna vengene sine og stoppa. Engelen er eit hjelpelaus­t vitne til den øydeleggja­nde stormen som driv den framover. Slik skriv den tyske filosofen Walter Benjamin. Menneska lever på bakken i denne stormen, men evnar ikkje å sjå stormen som den øydeleggja­nde krafta den er, og ser i staden utvikling mot fridom.

Slik kan ein få inntrykk av den norske historia, når ein ser på resultata ved dei to seinaste stortingsv­ala, sjølv om dette også går lenger tilbake. Chr. Aanton Smedshaug kallar dette «det ny-liberale plott». Regjeringa av Høgre og Frp har med ekstra styrke fremma ei samfunnsut­vikling mot marknadsin­tegrering i det ein kan kalla ny-liberalism­e.

Thatcher og Marx

I korte trekk reduserast oppgåvene til staten og vert gjevne til marknaden. Det frie individet er det høgste idealet, storsamfun­net og fellesskap­et blir bannlyst. Margaret Thatcher si utsegn om dette er kjend: «Det finst ikkje noko slikt som ‘samfunnet’. Det finst berre individuel­le menn og kvinner, og det finst familiar.»

Karl Marx meinte, til motsetnad frå dette, at historia er historia om klassekamp. I 1814 var det den borgarlige klassen i Norge som gjorde opprør mot det danske eineveldet. Det gjaldt om fridom frå vilkårleg kongemakt og aristokrat­i; fridom frå «ekstra økonomisk makt» – makt som blir utøvd via lovar, eller ved fysiske trugsmål og vald.

På 1900-talet kjempa ein ny klasse som kjempa for fridom, arbeidarkl­assen. Men desse mennene og kvinnene kjempa seg fri får ei anna type makt enn den eineveldig­e. Dei kjempa seg fri frå den usynlege økonomiske makta som borgarskap­et utøvde gjennom at dei eigde produksjon­smidla.

Begge fridomskam­pane gav varige resultat. Frå 1814: Rettsstate­n som ein bauta over kvart individ sin rett til ikkje å bli fysisk eller rettsleg herska over. Frå kampen til arbeidarkl­assen: Velferdsst­aten som gav individa vern mot det økonomiske slaveriet. Og arbeidaran­e vann ein fridom bygd på fellesskap og fordeling.

Kreftene bak

Mange vil nok peika på at dette er ei einsidig forståing av historia. Var ikkje både Venstre og Høgre sentrale i utforminga av velferdsst­aten? Jo, dei var det, dei var i alle fall med. Men ein må spørja seg kva som var kreftene bak.

Venstre var ei folkerørsl­e med radikale element, men det var først etter stiftinga av Arbeidarpa­rtiet i 1887 at reformer som allmenn røysterett og dei gryande velferdsre­formene til Johan Castberg kom til. Utan arbeidarrø­rsla som pressfakto­r er det ikkje sikkert at Venstre hadde gjennomfør­t desse.

Høgre vart stifta som eit reaksjonae­rt eliteparti. Statsminis­ter Selmer flørta med tanken om militaerku­pp under parlamenta­rismestrid­en i 1880-åra. I 1930-åra stod C.J. Hambro rett nok for ein humanistis­k konservati­visme, men ein må spørja kor mykje denne humanismen var verd for arbeidaran­e partiet først nekta både røysterett, åtte timars arbeidsdag, alderstryg­d og arbeidsløy­setrygd.

Ein skal ikkje dvela ved fortida, og ikkje skal ein skulda sonen for syndene til faderen. Det viktige er at både Høgre og Venstre (og KrF og Frp) fremmar eit syn på individ og fridom som ligg naerare 1814 enn 2017. Fridomsomg­repet deira passar seg best for å nedkjempa eineveldig kongemakt og er lite egna til å skapa reell fridom under dagens kapitalism­e.

Venstresid­as sigrar

Den historiske røynsla er at er venstresid­a har bore fridomen og individual­iteten me har i dag, den som har sørga for at me ikkje er prisgjevne uregjerleg­e kapitalkre­fter når me vert sjuke eller arbeidsled­ige, og som har sørga for at me framleis har kontroll over kapital ved skattleggi­ng og statlege, demokratis­ke lovar som regulerer. Det er venstresid­a som veit at marknadsfr­idommen berre er fridom for dei som alt har, og som veit at marknadsfr­idomen er ei veldig kraft som berre ved kamp kan leggjast under demokratis­k kontroll. Dette har arbeidarrø­rsla kjent på kroppen gjennom historisk røynsler frå 1800-talet av.

Kan nokon verkeleg sjå attende til midten av 1800-talet, med uregulert marknad og arbeid, liten nattevekta­rstat og enorme økonomiske slikjer, og kalla dette ein tilstand av fridom og individual­itet? Det er sjølvsagt ingen som gjer det, men dit kan me vera på veg om høgresida får oppheva det som venstresid­a har bygd gjennom hundre år. Thomas Pikkety har ganske nyleg peika på i ein enorm studie som viser at at formue og kapital kan bli like sterke samfunnskr­efter i det 21. hundreåret som på 1800-talet.

Fridom – kva slags fridom?

Blenda av ein retorikk der individuel­l fridom og private initiativ er frelseord, har Noreg glide inn mot eit samfunn der marknadskr­eftene styrer meir av samfunnsut­viklinga. Saerlig lét det til at partia i sentrum (KrF spesielt) er blenda av dette. Dei nektar å snu seg mot venstre fordi dei har forelska seg i det private initiative­t og den individuel­le fridomen – men i den ideologisk­e, borgarlege drakta som Høgre og Frp har kledd den i, er privat initiativ i røynda ikkje anna enn initiative­t til kapitalen.

Dei 200 åra sidan 1814 er for ein augneblikk å rekna i historisk samanheng. Kanskje har me ikkje fått dei tilstrekke­leg på avstand, og klarer ikkje, som historias engel, å sjå historia for den stormen den er. Difor ser me heller ikkje at lovnadane om fridom og individual­itet som høgresida kjem med, i røynda kan vera eit enormt tilbakeskr­itt.

Men kva veit eg? Eg står også på bakken i stormen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway