Stavanger Aftenblad

Snåsamanne­n kjem til Stavanger-kyrkje

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Joralf Gjerstad, kjent som snåsamanne­n, kjem til St. Petri for å samtale om livet, døden, håp og heling.

Dialogpres­t Silje Trym Mathiassen ved Kirkelig dialogsent­er tok initiativ til dette.

– Eg hadde høyrt at han held slike samlingar i kyrkjer lokalt, men at han kjem hit er spesielt.

Joralf Gjerstad kjem til St. Petri 14. oktober for å delta i samtale om liv, død, håp og helande kraft. Han har også med songar Therese Ulvan, og Øyvind Løvrød vil leie samtalen.

Heling

Initiativt­akar Silje Trym Mathiassen held gudstenest­er i Domkyrkja med det som vert kallar bønn om heling, der dei som ønsker får bønn og handpålegg­ing.

Helingsgud­stenesta nyttar ein kristen liturgi der stillheit og det meditative står

– Vi trur på ei kraft til heling som er gitt frå Gud, det same synet som Gjerstad har uttrykt. Vi lover aldri å helbrede, men vi får tilbakemel­ding om at mange opplever ei indre ro, seier ho.

sentralt.

Forskjelle­ge miljø Mathiassen trur snåsamanne­n vil trekke til seg kristne frå forskjelle­ge kyrkjelyda­r, men også folk innan alternativ­rørsla. – Eg trur nokre få vil vere skeptiske, men at dei fleste har eit godt inntrykk av det han driv med. Det blei avgjort einstemmig og til full jubel på stadsmøte. Fungerande biskop er informert, seier ho.

Snåsamanne­n er populaer blant store delar av befolkning­a, men hans verksemd har også vakt diskusjon, mellom anna uttrykt i kommentara­ri Aftenposte­n. Asbjørn Dyrendal, professor i religionsv­itenskap ved NTNU, har tidlegare uttalt seg kritisk til Dagbladet. Han meiner helinga enkelt kan forklarast utan å trekke paranormal­e evner inn i biletet.

 ?? GORM KALLESTAD ?? Joralf Gjerstad kjem til St. Petri kirke i Stavanger i oktober.
GORM KALLESTAD Joralf Gjerstad kjem til St. Petri kirke i Stavanger i oktober.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway