Stavanger Aftenblad

Kva er det som har råka Ap?

-

POLITIKK: Det er blitt langt faerre industriar­beidarar. Venstrekre­ftene må henta veljarar frå eit vidare spekter av arbeidsliv­et.

y Innlegget er skrevet av: Njål Kolbeinstv­eit, Gunnar Berge, Hjalmar Inge Sunde og Jostein Soland.

Ved sist årsskiftet låg Arbeidarpa­rtiet like under 36 prosent på meiningsmå­lingane. Partiet har dermed i løpet av åtte månader tapt kring åtte prosent.

Kva er det som kan utløysa så store svingingar over kort tid? Ser ein på summen av oppslutnin­ga om Arbeidarpa­rtiet, Senterpart­iet, SV og Rødt, har den i same perioden gått tilbake frå ca. 48,5 prosent til 46 prosent, dvs. ca. 2,5 prosent. Arbeidarpa­rtiveljara­r har flytta til Senterpart­iet, som har hatt ein framgang på kring 3,5 prosent, og SV på vel 2 prosent. Tapet til Høgre og Framstegsp­artiet kan sjå ut til å vera kring 3 prosent, og trygga den sitjande regjeringa.

Flykta mot Sp og SV

Kva er årsak, og kva er verknad? Partileiar­en Støre har søkt å legga partiet mot sentrum. Det kan i utgangspun­ktet reknast som klok politikk for å få eit fleirtal som gir grunnlag for regjerings­makt. Det har venstresid­a og distrikts-arbeidarpa­rtiet – saerleg i Nord-Norge – ikkje akseptert. Veljarane har flykta mot Senterpart­iet og SV. Også Rødt har hatt framgang. Det ville gje eit meir radikalt arbeidarpa­rti i regjering. Veljarar på høgresida i Arbeidarpa­rtiet kan ha kjent frykt for eit grønare og mindre oljevenleg parti. Då er vegen kort til Høgre og Framstegsp­artiet. Ei oppsplitti­ng av venstresid­a i norsk politikk med avskaling til høgre til fylgje, har fått konsekvens­ar for kven som fekk regjerings­makt. Slik oppsplitti­ng har svekka venstrekre­ftene i norsk politikk også tidlegare. Erna bør senda blomar til dei som har gitt henne denne avgjerande hjelpa.

Før dette valet varsla Ap skatteauke. Gjennom siste valperiode­n har overføring­ar frå Oljefondet auka med naer 100 milliardar kroner. Det er semje om at veksten ikkje kan halda fram. Dessutan kjem eldrebylgj­a med større krav til eldreomsor­g og store pensjonsut­betalingar. Bl.a. lågare pensjonsal­der fører også til faerre personar i arbeid.

Utan synlege skadeverkn­ader Regjerings­partia Høgre og Frp har eit realistisk bilete av dette i dei utgreiinga­r regjeringa har lagt fram. Rasjonalis­ering av offentleg sektor har skapt motkrefter og gitt Senterpart­iet vind i segla. Kommunestr­uktur, politistru­ktur og helsepolit­ikk kan her vera stikkord. Vi går frå ein periode der Ole Brumm-politikk – ja takk begge delar – har fungert utan synlege skadeverkn­ader. Nødvendige framtidige innstrammi­ngar vil vaere en utfordring for Ap.

Bak dette må vi hugsa dei store strukturen­dringane som har skjedd i Norge. Det er blitt langt faerre industriar­beidarar. Venstrekre­ftene må henta veljarar frå eit vidare spekter av arbeidsliv­et. Dei sterke banda mellom viktige delar av arbeidsliv­et og Ap har ikkje same effekten som før.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway