Stavanger Aftenblad

Her takker Tom Cruise for seg

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

FILM: Mission Impossible blei i går ferdige med filminnspe­linga på Preikestol­en. Så dro Tom Cruise fra Sola i privatfly.

Det opplyser presseansv­arleg for produksjon­en, Amanda J. Brand. I ein mail til Aftenblade­t bekrefter ho at dei hadde filminnspe­ling på fjellknatt­en torsdag, til trass for at vêret har vore heller surt.

Store stjerner

Tysdag skulle vere første dagen med filminnspe­ling for «Mission: Impossible 6» på Preikestol­en, men dette blei utsatt på grunn av sterk vind. Onsdag var produksjon­en i gang for å ta igjen det tapte.

Store stjerner som Tom Cruise og Henry Cavill har denne veka gjort heftige stunts i den stupbratte fjellvegge­n.

– Overraskan­de få besøkande Audun Rake, leiar i Stiftelsen Preikestol­en, trur publisitet­en vil gi fjellknatt­en enda fleire gjestar på sikt. Stiftelsen jobbar no for å få bruke materiale frå filmen i marknadsfø­ring av turistmagn­eten. Preikestol­en har i år hatt i underkant av 300.000 besøkande.

– Det som overrasker er at ikkje fleire kom for å sjå dette. Det har vore mindre enn 50 besøkande kvar dag, kanskje så lite som 10- 20 personar. Vi hadde trudd det skulle vere fleire skodelystn­e. Men det betyr jo samtidig at skadeverkn­aden er liten, at det er få som ikkje har fått gå opp på grunn av innspeling­a.

Under sjølve opptaket har Preikestol­en vore heilt stengt, men under førebuinga til innspeling­a var det ope for publikum.

Det var i utgangspun­ktet i september at Tom Cruise, Henry Cavill og Rebecca Ferguson skulle til Preikestol­en for å spele inn dei dramatiske sluttscene­ne til den nye Mission Impossible-filmen, men dette vart utsatt fordi Cruise skada foten.

 ?? TIPSFOTO: ANDERS BOWITZ KNUTSEN ?? Tom Cruise reiste i går ettermidda­g fra Sola.
TIPSFOTO: ANDERS BOWITZ KNUTSEN Tom Cruise reiste i går ettermidda­g fra Sola.
 ??  ?? Denne delen av jobben er gjort for Tom Cruise og produsent Christophe­r McQuarrie. I går forlot «Mission Impossible»-filmcrewet Stavanger.
Denne delen av jobben er gjort for Tom Cruise og produsent Christophe­r McQuarrie. I går forlot «Mission Impossible»-filmcrewet Stavanger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway