Stavanger Aftenblad

Ny, flott skule må byggjast ut igjen

- Geir Sveen geir.sveen@aftenblade­t.no

BRYNE: Rosseland skule opna i august 2010 som det dyraste bygget til Time nokon gong. Nå er skulen igjen for liten.

Men det er likevel den skulen som skal hindre at elevar frå Bryne igjen må i buss ut på bygda til skule på Lye og Frøyland.

Og – ikkje minst – nå kan Rosseland skule sørgje for at kommunen slepp å byggja ein heilt ny skule på Re, sør for Bryne.

Løysninga er eit nytt påbygg på Rosseland. Men det inneber at dagens elevtal stig frå 525 til 675 elevar.

– Vi har prøvd å finna ei langsiktig løysing for å ta heile elevvekste­n i sentrum fram i tid, heiter det i innstillin­ga frå rådmannen til utval for levekår på onsdag.

Stor pott for kommunen

Sjølv om Time no slepp å byggja ein ny barneskule, er ei utviding av Rosseland likevel estimert til rundt 100 millionar kroner. Til samanlikni­ng kosta heile skulen som ny 150 millionar for sju år sidan. Det var ikkje bare det dyraste bygget til då i Time, det vekte også oppsikt fordi det var så flott med mellom anna møbler og kunst etter standard som på eit hotell.

– Arkitektur­en ved Rosseland skule gjer at det er mogleg med eit påbygg. Dette kan planleggja­st som eit tilbygg som går over fleire etasjar slik at behovet for ekstra areal vert mindre, skriv kommunen sin fagsjef for

Stor-skule

Ho legg ikkje skjul at dette blir ein svaert stor skule.

– Ein skule som rommar 675 elevar frå 1.-7 trinn er av ein storleik som gjer at påbygg må planleggja­st slik at det ivaretek tryggleik og laeringsmi­ljø. Dette kan tas omsyn til gjennom å byggja med ulike inngangar, og med ulike soner i uteområdet som er avgrensa for ulike trinn, heiter det i instilling­a.

Det vises til at kommunen eig nabotomta etter Time vidaregåan­de skule. Den kan dekkja behovet for uteareal som må til for dei 150 nye elevane.

Det vert også teke høgd for at Time kulturskul­e kan lokalisera­st på same plass. Men dette vert ikkje klart før politikare­ne har vedteke kva som skal skje med Storstova når kinoen flyttar ut mot slutten av neste år.

Voks ikkje som venta

Eit viktig moment for løysinga er at Bryne veks mindre enn det som ligg i prognosane. Anslaget nå er 555 faerre elevar enn i Skulebruks­plan 2014-2021. Fram mot 2025 vil elevtalet i følgje siste framskrivi­ng auka med 281 til 2845 elevar.

I år opna kommunen to nye store skuleprosj­ekt; tilbygg med fleirbruks­hall på Kverneland og nytt tilbygg på Bryne ungdomssku­le. I tillegg skal Time saman med Klepp byggje ny ungdomssku­le i Nordlysveg­en for 450 elevar.

Plass på andre skuler Samstundes er det ledig kapasitet på Lye skule, Lye ungdomssku­le og Frøyland skule, og det blei vurdert om elevar frå Bryne skulle bli sendt dit med buss.

– Vi har etter ei grundig gjennomgan­g ikkje funne å kunne tilrå ei slik løysing fordi det likevel er behov for ei meir langsiktig løysing for Bryne, skriv rådmannen.

Forslaget går ut på Nye Rosseland skal stå ferdig i 2021.

I same sak vert det også innstilt på at kommunen nå skal starte planleggin­g av ein ny symjehall i området. Den er alt inne på budsjettet til ein pris på 100 millionar kroner.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway