Stavanger Aftenblad

Omdal, det var nok Julie!

- Solveig Aareskjold Forfattar, Sandnes

FRIPENN: Er det fordi Sven Egil Omdal ikkje synest at det passar seg å kalla ein gut for ei søtt angande rose, at han har dikta om på den store dramatikar­en?

«Nye Vestlandet, en stilk uten blomst», var overskrift­a på kronikken til Sven Egil Omdal laurdag 4. november, ei blomstrand­e utgreiing om kvifor det nye storfylket Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje har rett til å kalla seg Vestlandet. Men kronblada fall av då han prøvde å støtta seg på den klassiske litteratur­en: «Hva er et navn? Den blomst vi kaller rose vil dufte deilig, navnet uansett,» lar Shakespear­e Romeo si der han står under balkongen og lokker.

Lynande intelligen­te Julie

For Shakespear­e lèt ikkje Romeo seia anna enn det som kven som helst forelska ung gut kan lira av seg. Den språkfilos­ofiske utgreiinga kjem frå den lynande intelligen­te Julie, som ovanfrå balkongen samanfatta­r tilhøvet mellom ord og gjenstand så presis at det ikkje er gjort betre verken før eller sidan:

«What’s in a name? that which we call a rose,

By any other name would smell as sweet; So Romeo would, were he not Romeo call’d Retain the dear perfection which he owes Without that title ...»

Eller som det heiter i norsk omsetting:

«Kva er eit namn?

Den blom vi kallar rose visst anga like søtt, kva namn han bar, og Romeo, om han ikkje heitte Romeo, var like fullkomen som no han er.»

Uheldig skifte

Er det fordi Sven Egil Omdal ikkje synest at det passar seg å kalla ein gut for ei søtt angande rose, at han har dikta om på den store dramatikar­en? Eller kjenner han Shakespear­e berre frå annanhands kjelder, slike som heller vil lytta til si eiga røyst enn til det unge jenter seier? I alle fall er det svaert uheldig å skifta om på subjekt og objekt for ein journalist som har gjort det til fanesak å kjempa for det som er rett.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway