Stavanger Aftenblad

Dei må betale dyrt om dei framleis skal lade elbilane

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Sameiga på Tasta stod ferdig bygd for to og tre år sidan. Utan ladepunkt. No får elbil-boomen styreleiar­en til å klø seg i hovudet.

Ole Andreas Sleveland er styreleiar i Sameiet Øvre Tastarustå Felt A og C, som er to bustadsame­iger på Tasta i Stavanger.

I ei ny lov som trer i kraft frå 1. januar, heiter det at eigarane i eit bustadsame­ige skal kunne etablere ladepunkt for elbil og hybridbile­r på sin parkerings­plass. I mange burettslag er det ikkje lagt til rette for dette i dag.

– Når det først kjem ei slik lov, burde myndigheit­ene legge til rette. Det burde vere mogleg å søke støtte frå kommunen, meiner styreleiar­en.

Dei to sameiga stod ferdig bygd for to og tre år sidan, men utan moglegheit for lading. I ettertid har dei lagt inn to ladepunkt. Dei åtte elbileigar­ane i sameiget deler desse.

– Folk må køyre dit, lade i to timar, og så flytte bilen igjen. Det går for det meste greit sidan vi ikkje er så mange. Men vi har undersøkt kor mange som planlegg å kjøpe elbil i løpet av det komande året, og truleg er vi 20–25 elbileigar­ar før sommaren. Det betyr at vi må sjå på større løysningar om alle skal kunne lade.

Dei to sameiga på Tasta har til saman 133 husstander, og alle må bidra for å finansiere fellesanle­gg. Dei vurderer ei løysing der begge sameiga har kvart sitt anlegg til 200.000–250.000 kroner. Kostnaden blir plussa på fellesavgi­ftene, men sjølve ladepunkta kjem utanom. Dei må eigarane sjølv ta kostnaden for, i tillegg til sjølve straumen.

– Det er mange som seier dei ikkje vil skifte bil og heller ikkje vere med å dekke alle kostnadane. Fleire har sagt dei ønsker at elbil-eigarane skal betale meir, seier Sleveland.

Vil ha nasjonal støtteordn­ing

I nye sameiger og burettslag som blir bygd i Stavanger, blir det i dag tilrettela­gt for lading.

Kjartan Alexander Lunde (Venstre) seier Kommunalst­yret for byutviklin­g har vedtatt den same formulerin­ga for alle nye parkerings­kjellarar i Stavanger dei siste to åra: På alle parkerings­plassar i parkerings­kjellaren skal det vere klart til å kunne installere ladestasjo­n, og kapasitete­n på strauminnt­aket må vere god nok. Bebuaren må sjølv sette opp ladepunkt for eiga rekning, men alt skal ligge til rette for å gjere det.

For dei eldre garasjene er det ikkje like lett.

– I Oslo har dei etablert kommunal støtteordn­ing, men dette er ikkje like enkelt å få til i kommunar med stramt budsjett. Ordninga verkar å fungere bra, men eg tenker gjerne ei nasjonal ordning ville vore betre, så slepp ein at det blir store variasjona­r frå kommune til kommune. Eg jobbar for å få Venstre nasjonalt til å få dette opp i Stortinget, seier Lunde.

Mange lurer

– Dette var bra for to år sidan, men då visste vi ikkje betre, seier Sleveland og peiker på dei to ladeboksen­e dei har i dag.

Sleveland og dei andre styremedle­mmene i sameiget synes det er vanskeleg å vite kva løysning som er best. Det er mykje å velge mellom.

Smartly, som er eit dottersels­kap i Lysekonser­net, leverer målarar som viser kor mykje kapasitet som er tilgjengel­eg til ei kvar tid. Og det finnast løysingar med «timesharin­g» som vil seie at alle elbil-eigarane kan sette bilen til lading om natta utan at alle lader samtidig - det bytter automatisk frå éin bil til ein annan.

Smartly har over lengre tid opplevd auke i etterspørs­elen frå bustadsame­iga.

«Tendensen er tydelig, lading av elbil ses i sammenheng med annen nødvendig infrastruk­tur for beboerne, på lik linje med strøm og fiber, som bidrar til økt verdi av boligen. Felles for alle henvendels­ene er behovet for å imøtekomme den stadig voksende andel el – og hybridbile­r som har behov for trygg og sikker lading,» skriv dei i ein mail til Aftenblade­t.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Styreleiar i sameiget Øvre Tastarustå Felt A og c, Ole Sleveland.
PÅL CHRISTENSE­N Styreleiar i sameiget Øvre Tastarustå Felt A og c, Ole Sleveland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway