Sandnes Ulf skrik etter ein Gran­qvist

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE - Egil Ø. Na­er­land egil.na­er­land@af­ten­bla­det.no

KOM­MEN­TAR: Såg du Ita­lia–Sve­ri­ge på San Siro i Mi­la­no man­dag? Om du gjor­de det, då såg du Andreas Gran­qvist, den svens­ke lag­kap­tei­nen. For ein bau­ta, for ein føre­gangs­mann, for ein in­spi­ra­tor. Tenk om Sandnes Ulf had­de hatt sin Andreas Gran­qvist.

Etter å ha følgt dei ly­se­blå på na­ert hald un­der tre­ning og kamp, hei­me som ute, gjen­nom tre ful­le se­son­gar, står eg fast på at spe­la­ra­ne det­te året er gode nok og har dei in­di­vi­du­el­le kva­li­te­ta­ne som skal til for å vin­ne opp­rykk til elite­se­ri­en.

Den sto­re ut­ford­rin­ga er dei som un­der­pres­te­rer, dei som fell for freis­tin­ga til ikkje å ta ein kvar kamp like se­riøst, like in­spi­rert og like kom­pro­miss­laust.

Ta­par­kul­tu­ren fes­t­ar seg

Fall i pre­sta­sjon rob­ba Sandnes Ulf for kva­li­fi­se­ring i 2015, for nes­ten opp­rykk i 2016 og de­fi­ni­tivt for di­rek­te opp­rykk i år.

Når noko er gjen­ta­kan­de, vert det kul­tur. I Sandnes Ulf har fall­kul­tu­ren sett seg, den sjølv­til­fred­se kul­tu­ren som ikkje held folk på tå hev etter gode pe­rio­dar.

I fotball-Nor­ge har Sandnes Ulf vor­te klub­ben som fei­lar, klub­ben som ikkje held til mål.

Eg merk­te det godt i mil­jø­et før se­son­gen, mel­lom kol­le­ga­er i media og hos mot­stan­da­ra­ne. Det var lik­som ikkje så hytt om Sandnes Ulf gjor­de gode tre­nings­kam­par, dei vil­le li­ke­vel fei­la i se­son­gen. Vare­mer­ket og bu­mer­ket had­de fes­ta seg, 2017 for­ster­kar inn­tryk­ket.

Eit par av ny­ko­ma­ra­ne var klo­ke og tøf­fe nok til å end­re grup­pa, til å end­re kul­tu­ren. Dei set­te po­si­tivt preg, Kjell Rune Sel­lin gjen­nom hei­le se­son­gen, Re­mi Johansen før han vart ska­da.

Det var ikkje nok, og sjølv om eit par til, To­mas Kris­tof­fer­sen og Axel Kry­ger, har til­ført langt over ven­ta sports­leg, er det ikkje to første­reis­gu­tar som skal gå i bre­sjen. y Skal ein då pei­ka på tre­na­ren og til sist klubb­sje­fen,

Bengt Saeter­nes og Tom Rune Espedal? y Er det dei som ikkje ev­nar å end­ra den­ne kul­tu­ren? Dei har et stort an­svar, sa­er­leg tre­na­ren som job­bar di­rek­te med spel­ar­grup­pa kvar ein­as­te dag, men eg har ald­ri i mi­ne etter kvart man­ge ti­år i den­ne bran­sjen, sett på tre­nar­skif­te som førs­te ut­veg.

Sta­bi­li­tet slår knock out på spar­ken­kul­tur

For alle kan det koma til eit punkt der det er rett å av­se­tja tre­na­ren og kan­skje den øvs­te dag­le­ge leia­ren, men all er­fa­ring sy­ner at det er klub­bar som har kon­ti­nui­tet på tre­nar og leiar­sida, som vinn og får fram­gang i det lan­ge løp.

Det er nok å sjå til Vi­king i nord og Bryne i sør.

Fem tre­na­rar på ti år i Vi­king, den sjet­te på gang, ti tre­na­rar på ti år i Bryne, nes­ten like hyp­pi­ge skif­te av dag­leg lei­ar i dei to klub­ba­ne.

I Sandnes sat As­le An­der­sen åtte år med kjempe­suk­sess tross trøb­bel på slut­ten, så eit mel­lom­spel med Tom Nord­li, og nå tre år med Bengt Saeter­nes. Dag­leg lei­ar har vore den same nes­ten hei­le tida. y Sta­bil og kon­trol­lert øko­no­mi, greitt sports­leg utan

topp dei sis­te åra er re­sul­ta­tet i Sandnes Ulf. y Kaos, ned­rykk, øko­no­misk fal­litt og ein klubb der spø­kel­sa frå klubb­hu­set i Steingata har flyt­ta med til nye lo­ka­le i Jåt­t­åvå­gen er re­sul­ta­tet hos Ro­ga­lands gi­gant gjen­nom alle ti­der, Vi­king. y Om­trent på same må­ten i Bryne, skjønt der, og ikkje før den stol­te klub­ben lan­da på nivå tre, sy­nest ting å sta­bi­li­se­ra seg.

Sandnes Ulf kan unn­skyl­da seg med at opp­ryk­ka­ra­ne Bodø/Glimt og Start had­de nes­ten dob­belt så man­ge mil­lio­nar å rut­ta med (45 mot 25 mil­lio­nar i Sandnes). Øko­no­mi­en tel, my­kje til og med, men ikkje all­tid, og i alle fall ikkje den­ne se­son­gen.

For det var ikkje Start sitt inn­kjøp av Stef­fen Lie Skå­le­vik med fris­ke mil­lio­nar som gjor­de at Sandnes Ulf tap­te for Kongs­vin­ger, Åsa­ne, Fred­rik­stad, Florø el­ler Jerv for å nem­na no­kon.

Det var ikkje dag­leg lei­ar Espedal si skuld, og det var knap­past tre­nar Saeter­nes si skuld.

Gå føre med høg smerte­ters­kel

Når la­get er så bra som Sandnes Ulf sitt, når ta­bel­len for kam­par mot dei bes­te vi­ser ly­se­blått topp to, då er det spe­la­ra­ne sjølv som må ta ho­vud­an­sva­ret. Det hand­lar om å vin­ne kvar­dags­kam­pa­ne.

Der­for må klub­ben nå prio­ri­te­ra per­sonen som ikkje bare er trygg og god og flink fot­ball­spe­lar, vel så vik­tig å få inn han som er na­tur­leg sjef, han som pis­kar og ja­gar og går føre med så høg smerte­ters­kel at lag­ka­me­ra­ta­ne ikkje vå­ger syta.

Ein Andreas Gran­qvist-type som nyt å leia og har gjort det frå han var kap­tein i Hel­sing­borg 21 år gam­mal, ein Gran­qvist ald­ri kjem på det so­fis­ti­ker­te verds­la­get, men på mitt lag er han num­mer ein.

Ein Jan Wou­ters (EM 88 Ne­der­land), ein Graeme Souness (Li­ver­pool), ein Paul Scho­les (Man. Uni­ted), ein Philip Lahm (Bay­ern M.), ein Casemiro (Re­al Mad­rid).

El­ler ein klo­ning av Ak­sel Ber­get Skjøl­svik. Det held i lan­ge ba­nar!

Klub­ben må prio­ri­te­ra per­sonen som ikkje bare er trygg og god og flink fot­ball­spil­ler, vel så vik­tig er det å få inn han som er na­tur­leg sjef, han som pis­kar og ja­gar.

NED ALLEY

Sis­te spi­ke­ren i kis­ta. Ran­heims Mats Lille­bø har satt inn vin­ner­må­let, Sandnes Ulfs se­song er over. Roy André Milje­teig til ven­st­re, keeper Saku-Pek­ka Sahl­gren, Ken­neth So­la og Re­mi Johansen må inn i en ny vin­ter uten å kun­ne se frem til elite­spill. Her trengs ty­de­lig­vis en ny leder.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.