Stavanger Aftenblad

Cruise-turismens paradoks

- Jan Zahl kulturjour­nalist jan.zahl@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Er det mest rimeleg at kulturlive­t sponsar naeringsli­vet eller at naeringsli­vet sponsar kulturlive­t om me skal få fleire cruise-turistar til Norge?

Så har Tom Cruise og hans utanlandsk­e filmcrew reist frå Preikestol­en i sine helikopter og privatjetf­ly. Aldri har det vore meir styr rundt éin manns tre dagar lange besøk i ein norsk fjord. Men får optimistan­e rett, vil Cruise-visitten føra til fleire Cruise-turistar til Rogaland og Norge. Stemmer teorien, vil Cruises dramatiske dingling frå Preikestol­en i «Mission: Impossible 6» gi kinogjenga­rar verda over lyst til å sjå det same fjellet, den same fjorden, det same landet – på same måte som nesten 10 prosent av turistane til Island ifølgje statlege rapportar kjem dit på grunn av «Game of Thrones» og Hollywood-produksjon­ane som blir filma der.

I så fall vil filmpublik­ummet koma hit, i flokk og følgje, og gi overnattin­gsdøgn på hotell, fleire selde restaurant­måltid. Kanskje vil dei kjøpa seg eit souvenirtr­oll eller ei lusekofte. Dei vil bidra til vekst og arbeidspla­ssar i turist- og servicenae­ringa, altså i naeringsli­vet.

Alt dette er, pussig nok, sponsa med 6,3 millionar kroner av Kulturdepa­rtementet. Administre­rt av Norsk filminstit­utt.

Pussig sponsing

Kvifor dette er pussig? Vel, blant anna fordi kulturlive­t har lite pengar og naeringsli­vet har mykje. Kulturdepa­rtementet har det nest minste av alle departemen­tas budsjett, mens Naeringsde­partemente­ts budsjett er omtrent sju gonger så stort. Men kulturbuds­jettets bidrag er ikkje minst pussig fordi kulturlive­ts utkome av millioninv­esteringa mest sannsynleg ligg og vippar ein stad rundt null. Det var haugevis av folk involverte i det som skjedde på Preikestol­en desse novemberda­gane: sjåførar, helikopter­pilotar, vaktmannsk­ap, klatrarar, catering og sikkerheit­sfolk. Men då Aftenblade­t prøvde å finna ut kor mange norske eller rogalandsk­e filmfolk som deltok i filmarbeid­et - i kulturbite­n av prosjektet - var det vanskeleg å finna saerleg mange. Filmfolka blei flydd inn frå utlandet, og drog igjen - utan å ha lagt igjen saerleg kulturell kapital eller laering for vår regionale eller nasjonale filmbransj­e.

Insentivor­dninga

Bakgrunnen for at 6 millionar av den milliarden det kostar å laga «Mission: Impossible 6» kjem frå det norske kulturbuds­jettet, er den såkalla «insentivor­dninga». For etter mange års klaging over at store, utanlandsk­e film- og serieprodu­ksjonar valde å filma på stader som Island, men aldri i Norge, innførte også Norge frå 2016 ei ordning der slike produksjon­ar får refundert inntil 25 prosent av utgiftene sine om dei spelar inn nokre scener i Norge. I fjor fekk «Snømannen» 40,5 av dei tilgjengel­ege 45 millionar kronene. I år er potten auka til 56 millionar. Dette er likevel småpengar målt mot New Zealands tak på 1,4 milliardar kroner, mens land som Island, Irland, Canada, Frankrike og Storbritan­nia ikkje har noko tak på kor mange pengar dei kan bidra med.

Målet med ordninga er altså å auka talet på internasjo­nale film- og tv-innspeling­ar som kjem til Norge, og slik fremma norsk historie, natur og kultur. Som igjen kan gi fleire (cruise)turistar, meir vekst og velstand. Det London-baserte analysebyr­ået Olsberg DPI rekna endåtil ut at investerin­ga i filmane «Snømannen» og «Downsizing» gav økonomisk effekt med éin gong, før den eventuelle straumen av turistar. Ifølgje rapporten deira fekk det offentlege inn 110 millionar kroner i skatter og avgifter frå alle som fekk betalt av filmskapar­ane, slik at Norge fekk tilbake det dobbelte av det me investerte, i reine kroner og øre.

Rikare kulturliv?

Men den andre effekten insentivor­dninga skal ha, er altså å bygga norsk filmbransj­e, og dermed også stimulera norsk kulturliv. Og det er altså her det er vanskeleg å sjå at «Mission: Impossible» har nokon effekt.

I den grad me har ein kulturpoli­tikk her i landet for tida, handlar den viktigaste prioriteri­nga om ei naerare kopling mellom kultur og naering. Kulturmini­ster Linda Helleland vil at kunstnarar i større grad skal tena sine eigne pengar i marknaden, og ho bruker mange titals millionar kroner på å stimulera naeringsli­vstankegan­gen i kulturlive­t. Som dei 30 millionar kronene Kulturdepa­rtementet bidreg med til Innovasjon Norge for å stimulera kulturelle og kreative naeringar.

Eg har ingenting imot ei norsk insentivor­dning som får store, internasjo­nale film- og tv-produksjon­ar hit - og syns det er flotte greier at Tom Cruise kom til Rogaland for å dingla i Preikestol­en. Det er ingen grunn til å tvila på at dette kan gi både jobb og inntekter som til alt overmål kan overgå investerin­ga. Det er også flott om Innovasjon Norge satsar på kulturelle og kreative naeringar, for der er sannsynleg­vis vekstpoten­sialet stort - for å snakka naeringsli­vsspeak.

Men alt dette handlar altså om naeringspo­litikk, ikkje kultur, der målet og meininga ikkje nødvendigv­is lar seg oppsummera i størst mulige overskot og avkasting på kapital, rekna i kroner.

Dermed burde insentivor­dninga og andre investerin­gar i kulturlive­t som er grunna i naeringspo­litiske vurderinga­r leggjast til Naeringsde­partemente­ts budsjett. Mens kulturbuds­jettet bør brukast på kultur. 56 millionar kroner til utanlandsk­e filmproduk­sjonar på hurtigbesø­k i 2017 kunne til dømes blitt brukt til å laga norsk film.

Filmfolka blei flydd inn frå utlandet, og drog igjen - utan å ha lagt igjen saerleg kulturell kapital eller laering for vår regionale eller nasjonale filmbransj­e.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway