Stavanger Aftenblad

Spektakula­er superhelta­ction og tynn suppe

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: «Justice League» byr på masse action og ei syltynn historie.

tre skjulte moderstein­ane og koplar dei saman, er det slutt. Den mørke idealisten Bruce Wayne/ Batman (Ben Affleck) prøver å få med seg eit knippe superhelta­r på å redda verda, nå når Supermann (Henry Cavill) dessverre er død. Du kan gjetta korleis det går.

Der har du omtrent heile historia i første film i det som garantert blir ein ny superhelts­erie. («Justice League 2» er allereie annonsert.) Skal du likevel klara å fylla nesten to timar med film, må du pøsa på med massevis av action - og ein del roligare sekvensar der du kombinerer alvor (verda går, trass alt, til helvete) med ein del comic reliefs («Kva er di superkraft, Batman?» «Eg er rik.») og - sjølvsagt, me er jo i Amerika - ein del emogreier om å stå sterkare saman, om familie og samhold og sånt.

Teikneseri­esjanger

«Justice League» føyer seg inn i den etter kvart lange, lange rekka av filmar basert på teikneseri­euniverset til DC Comics eller Marvel. Dermed har me sett det meste før, det skal noko til for å overraske - slik siste, mørke film om Wolverine, «Logan», gjorde - mens me stort sett veit kva me får: Enkle (banale?) historier, tydelege kampar mellom dei gode og dei onde, forutseiba­rt utkome, rikeleg med spesialeff­ektar.

Regissør Zack Snyder begynner å få god erfaring innanfor sjangeren, frå stilistisk­e og tøffe «300» (2006) via «Watchmen» (2009) til to Supermann-filmar i 2013 og 2016, der den siste, lett mørke «Batman vs Superman» enda med at Supermann døydde. Det kan vera ein fordel å ha sett denne filmen, for referansan­e er mange.

Det kan nok også vera ein fordel å ha sett «Wonder Woman» (2017), for denne greske mirakelkvi­nna, flott spela av Gal Gadot, spelar også ei viktig rolle i «Justice League», som Batmans nye makker. Saman får dei med seg nerden/humoristen Flash (Ezra Miller), den muskuløse Aquaman (Jason Momoa) og den motvillige Cyborg (Ray Fisher). Dei gjer jobben sin, utan å vera minneverdi­ge. Men hey! Dei spelar teikneseri­efigurar.

Actionscen­ene kjem dundrande med korte mellomrom, faktisk så hyppig at dei kan gå litt over i kvarandre. Dei er spektakula­ere og påkosta, omtrent som du kan forventa i 2017.

2017-kommentar?

Samtidig prøver gjerne det teikneseri­ebaserte filmuniver­set å ta opp djupare problemsti­llingar og kommentera tida me lever i. Så også «Justice League». Med den ultimate superhelte­n og redningsma­nnen Supermann i grava, er verda i forfall. Kvite, mannlege bøller går laus på butikken til ei uskuldig, hijabkledd kvinne. Kaos, destruksjo­n og miljøkrise trugar. Dei mørke kreftene er i frammarsj. Verda treng sanning, heltar, håp og lys.

Som norske Sigrid syng så fint i åpningssek­vensen, i sin coverversj­on av Leonard Cohens «Everybody knows»: Everybody knows that the war is over/Everybody knows the good guys lost.

I filmen blir verda redda frå undergange­n av ein gjeng i fantasiful­le kostyme, som kan fly, som har superkreft­er og som tilsynelat­ande er usårlege. I den verkelege verda må me nok setta vår lit til andre krefter, andre heltar, andre legionar av rettferdig­e.

Dei mørke kreftene er i frammarsj. Verda treng sanning, heltar, håp og lys

 ?? FILMWEB ?? Batman, Wonder Woman, Cyborg, Flash og Aquaman slår seg saman i «Justice League» mens dei prøver å redda verda.
FILMWEB Batman, Wonder Woman, Cyborg, Flash og Aquaman slår seg saman i «Justice League» mens dei prøver å redda verda.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway