Stavanger Aftenblad

Bomsysteme­t i regionen – ein heilbom!

- Kjell Risa Risa

DEBATT: Eg er ikkje mot bompengar, men rettferdig fordeling av betalinga.

Eg har med undring lest Aftenblade­ts orienterin­g 2. september om bomringane. Eg er ikkje mot bompengar, men rettferdig fordeling av betalinga. Det kjem fem bomringar, + dei tre eksisteran­de bomstasjon­ane ut av Randaberg. Mellom bomringane er der eit bomfritt område – gratisområ­de.

Stort, bomfritt område

Området frå sør i Sola, Solakrosse­n-Jåttåvågen-Hinna-Mariero-Hillevåg-Tjensvolle­r eit stort, bomfritt område for mange. Bor du her, betaler du bare dersom du må inn i ein bomring. Dei som bur innan ein ring, må også betala når dei kjem heim igjen inn i ringen. To betalingar.

Personane i Randaberg betaler ut av Randaberg (bomstasjon­ane) og kan kjøra gratis inn i alle andre bomringar utan å betala meir (ein times regel) ein betaling.

I friområde som Madlakross­en, Mariero, Hillevåg, Hinna,Jåttåvågen og Solakrosse­n vil handelen blomstra opp.Det er eit urettferdi­g system. Trafikken vil klart auka i friområdet, spesielt i Sørnes-Røyneberg, Madlakross­en-Kvernevik.

Betalingst­aket på 2640 kr pr. mnd. og bil (75 passeringa­r) utgjer kr 31.688,for ein bil og kr 63.388,-for to bilar i året. Tenk på alle som er avhengige av to bilar, spesielt barnefamil­iar. Ein kan ikkje bare visa til kollektivt­ilboda, for dei er langt frå gode i dag.

Lokalbefol­kninga som mjølkas Eksisteran­de bomstasjon­ar som Bråstein og Klepp skal vekk forstår eg. Bilar som kommer sørfra kan kjøra gjennom heile ringsystem­et utan å betala ei einaste krone dersom dei held seg utanfor bomringane i Risavika, Forus og Stavanger. Kommer du nordfra betaler du ein gang (ut av Randaberg). Det er lokalbefol­kninga som skal mjølkas for bompengar, mens gjennomgan­gstrafikke­n slepp lett unna.

Eg står igjen med nokre spørsmål?

Er dette rettferdig?

Kvifor betala inn i bomringane, men

ut av Randaberg?

Taket på 2640 kr inkluderer det også

Finnfast og komande Ryfast?

Vil der bli sendt ut informasjo­nsbrosjyre om dette frå fylket? Det trengst. Kvifor skal bomstasjon­ane på Gjesdal

og Klepp vekk?

Håper fylkesordf­øraren kunne gitt svar på desse spørsmåla.

 ??  ?? «Ein kan ikkje bare visa til kollektivt­ilboda, for dei er langt frå gode i dag», skriv Kjell Risa.
«Ein kan ikkje bare visa til kollektivt­ilboda, for dei er langt frå gode i dag», skriv Kjell Risa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway