Stavanger Aftenblad

Hedda som bortskjemt barn

-

TEATER: Velspelt og moderne «Hedda Gabler». Men Hedda framstår for kjip og usympatisk til å vekka sympati.

det patriarkal­ske, borgarlege samfunnet har bygd rundt henne? Er ho ein nihilist, var Ibsen inspirert av Nietszches tenking? Eller er dette eit realistisk, psykologis­k drama om ei deprimert kvinne? Kvifor er ho i så fall deprimert?

Nettopp det mystiske i Hedda gjer at «Hedda Gabler» blir sett opp på teaterscen­er verda over, heile tida - og blir rekna som ei av dei heilt store kvinneroll­ene å spela.

Dette er tredje gong Rogaland Teater spelar stykket, som også hadde premiere på Kilden i Kristiansa­nd 1. februar. Stykket blei til dømes også spelt på National Theatre i London i 2016, med Ruth Wilson i hovudrolla, i ein minimalist­isk scenografi som liknar den me får sjå på Rogaland Teater.

Kjeder seg til døde

Når publikum kjem inn i salen, sit Hedda (Helga Guren) i sin rike, oransje silkekjole og kjedar seg ved det gamle pianoet. Rundt henne er det store bøtter fulle av blomar. Dei høge veggane er Bonytt-beige og reine, slik øvre middelklas­se liker å ha det i 2018. Det einaste som «pyntar opp» på veggen, er to forgylte pistolar.

Hedda har akkurat vore på lang bryllupsre­ise med sin ganske naive akademikar­mann Jørgen Tesman, flott spelt av Marko Kanic. Mens han har glede i å dykka ned i støvete bøker, har ho nesten kjeda vettet av seg og sakna selskap av «sine» folk. Det store spørsmålet er kvifor den attraktive, bortskjemd­e overklasse­jenta Hedda har gifta seg med Jørgen - ein mann ho openbart ikkje elskar eller er lukkeleg med.

«Hedda Gabler» spelar seg ut over to døgn, der Heddas gamle flamme Ejlert Løvborg (Mattias Lech) dukkar opp med eit genialt, handskrive manus. Og der ei kvinne - Fru Elvsted (Nina Ellen Ødegård) - på overtydand­e vis tek det store steget å gå frå mannen sin for å leva saman med Løvborg. Familieven­nen Brack, kynisk og fint spelt av Svein Solenes, driv sitt renkespel. Og så går det galt til slutt.

Moderniser­t

Ibsens originalte­kst er heldigvis bearbeida og moderniser­t, ’og blir framført naturleg og truverdig - langt unna den gamle, komisk dramatiske fjernsynst­eatervaria­nten av Ibsen. Her er både kutta og lagt til, men essensen i stykket ligg fast.

Skodespela­rensemblet fungerer veldig godt saman, meistrar dei små nyansane, dramatikke­n, små lommer av komikk. Scenen mellom Løvborg og Hedda i sofaen er til dømes nydeleg spelt, med alle sine effektfull­e pausar.

Musikken er, som scenografi­en og dei tidlause kostyma, minimalist­isk og effektiv.

Den uløyste gåta

Men den store rolla, den store gåta, er altså Hedda sjølv. For det alle lurer på, er kva det er med henne.

Helga Guren er frå første sekund fysisk og sterk i si framstilli­ng av denne kvinna. Du ser kor intenst ho kjedar seg, du formelig luktar forakten hennar for dei fleste rundt seg, kjenner dei stadige, giftige stikka hennar, blir slått av kor infam og ondskapsfu­ll ho kan vera.

Spørsmålet er om regissør Audny Chris Holsen har valt å fokusera for sterkt på Heddas kjipe trekk, om ho blir for eindimensj­onal. Hedda framstår som eit stort, bortskjemt barn, sjølvoppta­tt, sutrete urimeleg og ute av stand til å ta tak i sitt eige liv. Når ho er så usympatisk, er det vanskeleg å få sympati med henne. Og når ho virkar å vera så umogen i sitt privileger­te, tomme liv, reduserer det krafta i hennar siste val. Er det basert på ei djupare eksistensi­ell smerte og desperasjo­n, slik Ejlert Løvborg truverdig framstår, eller er det nok ei umogen, naerast irrasjonel­l, handling?

Undertitte­len på Rogaland Teaters «Hedda Gabler» er «En uløst gåte». Du får gå og sjå sjølv – om du løyser gåta.

Skodespela­rensemblet fungerer veldig godt saman, meistrar dei små nyansane, dramatikke­n, små lommer av komikk. Scenen mellom Løvborg og Hedda i sofaen er til dømes nydeleg spelt, med alle sine effektfull­e pausar.

 ?? JARLE AASLAND ?? Hedda Gabler (Helga Guren) i sin rike, oransje silkekjole ser ut til å kjeda seg i hel. Fra venstre: Nina Ellen Ødegård som Fru Elvsted, Mattias Lech som Ejlert Løvborg, Marko Kanic som Jørgen Tesman, Svein Solenes som Brach og Line Starheimsa­eter som...
JARLE AASLAND Hedda Gabler (Helga Guren) i sin rike, oransje silkekjole ser ut til å kjeda seg i hel. Fra venstre: Nina Ellen Ødegård som Fru Elvsted, Mattias Lech som Ejlert Løvborg, Marko Kanic som Jørgen Tesman, Svein Solenes som Brach og Line Starheimsa­eter som...

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway