Stavanger Aftenblad

Personalia

-

y Kari Einarsen (40) er frå

Stord, og har ei mastergrad i Internatio­nal hotel and tourism management frå Universite­tet i Stavanger og Cornell University i New York. Ho arbeidar no med arbeidsliv­sforsking ved NORCE (tidlegare IRIS).

Kari Einarsen disputerte torsdag 8. februar for grada philosophi­ae doctor ved Handelshøg­skolen ved UiS. Ho har forska på kva etiske organisasj­onsstruktu­rar som kan hindre eller betre handtering­a av mobbing og varsling på arbeidspla­ssen. Etiske organisasj­onsstruktu­rar er formelle og uformelle reglar og rutinar i organisasj­onen som avgjer kva åtferd som er akseptert, samt korleis ein skal handtere åtferd som strider med dei verdiar og normer som er satt i organisasj­onen.

Avhandling­a bygger på to undersøkin­gar. Den første spør HR-ansvarlege og verneombod i norske kommunar om kva etiske organisasj­onsstruktu­rar kommunane har i samband med handtering av mobbing.

I ei anna landsdekka­nde spørjeunde­rsøking blei 1600 personar mellom 20 og 67 år spurde om arbeidsgiv­ars etiske organisasj­onssystem for å handtere klanderver­dig åtferd, samt om deira observasjo­nar og varsling av klanderver­dig åtferd.

Resultata syner at det å ha formelle og uformelle system frå etiske organisasj­onsstruktu­rar generelt sett, samt sanksjonar i saer, er viktig for god handtering av varsla mobbesaker. Eit anna hovudfunn er at organisasj­onar med god forvaltnin­g av menneskeli­ge ressursar generelt sett også har innført etiske infrastruk­turar mot mobbing.

Storleiken på kommunen derimot har mindre å seie for om kor vidt organisasj­onar har slike gode etiske organisasj­onsstruktu­rar, medan kommunen sin økonomiske situasjon har ingenting å seie. Vidare viser funna at etiske organisasj­onsstruktu­rar ikkje berre har betyding for om norske arbeidstak­ar varslar om klanderver­dig åtferd, men det har også tyding for om varslaren ønskjer forlate organisasj­onen i ettertid, i kva grad varslaren kjem til å varsle om klanderver­dig åtferd i framtida.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway