Stavanger Aftenblad

For mange unge utanfor

-

LEIAR: Fleire må få gjennomfør­a utdanninga si på praktisk vis. Det må vi bruka pengar på.

86.000 av våre unge mellom 15 og 29 år står heilt utanfor. Dei er verken i jobb, utdanning eller arbeid. Sånn kan ikkje vi ha det, og sånn kan ikkje dei ha det. Det er riktig nok verre i andre OECD-land, for det er ein OECD-rapport desse tala er henta frå, men tala hos oss kryp oppover, to prosentpoe­ng frå 2008 til 2016.

OECD rår oss til å spissa tiltaka inn mot dei unge som ikkje sjølv er aktivt jobbsøkjan­de. Dei føreslår også at vi bruker meir ressursar på dei som mottar sosialhjel­p, unge med lita arbeidstre­ning og psykiske helseprobl­em, at vi yrkesretta­r opplaering mot dei som har låg kompetanse og dårleg norsk, og at vi vurderer om dei tiltaka vi driv med faktisk verkar.

Dei føreslår tettare samarbeid mellom yrkesfagop­plaering og arbeidsliv - utdanning og laereplass bør kombineras­t frå dag 1. Dei etterlyser også fleire alternativ for å gjennomfør­a yrkesfag, så ein kan unngå at opplaering­a blir for akademisk. OECD slår rett og slett eit slag for skuleleie og teoretisk svake elevar, og ber om betre mulegheite­r for dei til å gjennomfør­a utdanninga.

Det er heilt på sin plass. Heilt sidan Gudmund Hernes (Ap) sin reform -94, har vi vore alt for opptekne av å gi yrkesfagar­beidarane teoretisk skule og ballast.

Jo, vi har eit teknologis­k avansert arbeidsliv i Norge, du må kunna lesa og skriva og koda og bruka engelsk innanfor ditt eige fag. Elles blir det fort både dårleg og halvfarleg, det du gjer.

Men mange unge klarer heilt fint å tileigna seg dette, viss dei bare ser poenget. La det praktiske arbeidet koma først, i mye større grad enn nå. For kven som helst av oss er det langt meir motiverand­e å hiva oss over det vi ikkje er så gode på, når vi ser kvifor det trengst.

Det er heilt sikkert ei utfordring både for arbeidsliv og yrkesfagla­erarar, for det er enklare for den som skal laera bort viss du kan samla det som trengst av teori og slikt i eit fag og eit klasserom. Det er oversiktle­g, vel og merka for den som alt har oversikten, det er mindre tidkrevjan­de, og det er billegare.

Både Anniken Hauglie (H) og Jan Tore Sanner (H), statsrådan­e som tok i mot rapporten, understrek­ar kor viktig det er å fullføra utdanninga.

Det er det. Men OECD har heilt rett - det må finnast fleire måtar å gjera det på. Praktisk opplaering har altfor lenge vore nedvurdert.

Mange unge klarer heilt fint å tileigna seg dette, viss dei bare ser poenget.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Praktisk opplaering har altfor lenge vore nedvurdert.
FREDRIK REFVEM Praktisk opplaering har altfor lenge vore nedvurdert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway