Stavanger Aftenblad

8000 fans har aksjar i Rangers – kunne det ha skjedd i Viking?

- Svein Westlye Sandnes

FOTBALL: Meir er likt mellom Glasgow Rangers og Viking enn at begge spelar i blått. Mellom anna temmeleg solid motgang. Men Rangers-fans stiller betre opp.

Eg har vore på fotballkam­p i Skottland. Med 52.000 elleville skottar på eit stappfull Ibrox Stadium ser eg Glasgow Rangers vinna 2–0 mot Hearts den siste laurdagen i februar.

Det heilt spesielle med publikum er at 8000 av dei eig aksjar i klubben. Heile 10 prosent av aksjane i klubben sit supportara­ne på.

Ein av dei som har kjøpt aksjar, er skotsk-norske Alistair MacRae (57). Og det er Alistair som har invitert ei lita norsk gruppe med på denne kampen i Glasgow. Han jublar høgt når Rangers vinn kampen og skrik til meg:

− Sånn stemning på tribunen er der på kvar einaste heimekamp, og heile 38.000 av dei 52.000 plassane er sesongbill­ettar!

Midt i lurveleven­et på Ibrox tenker eg faktisk litt på Viking. Både Rangers og Viking har opplevd økonomisk krise og nedrykk. Men i Glasgow er dei tilbake i toppen på tross av ein verre nedtur enn Viking har no.

Folkeaksja­r

Kva skjedde så i Glasgow på vegen tilbake?

Eitt av svara er full mobiliseri­ng i byen der heilt vanlege skottar spytta inn millionar av kroner i klubbkassa til Glasgow Rangers. Så lurer eg altså på: Kunne noko sånt skjedd i Viking og i Stavanger?

Litt meir om kva som skjedde med Rangers Football Club (Rangers FC), som er det eigentlege namnet til Glasgow Rangers: Klubben gjekk rett og slett konkurs i 2011. Dei mista mellom anna store inntekter då dei blei slått ut av Malmö i tredje runde av Meisterlig­aen.

Etter å ha gått konk, blei klubben flytta ned til nivå fire i skotsk fotball. Fotballsup­portarane i Vest-Glasgow var sønderknus­te. Men gode Rangers-fans svikta ikkje. Heller ikkje Alistair, som fortel meir om bakgrunnen:

– Det var i denne krisa at fansen gjekk inn med pengar i klubben – og me snakkar ikkje om styrtrike skottar, men heilt vanlege folk.

Det starta med Rangers First, som besto av ei fangruppe på heile 14.000 medlemmar som skaut inn pengar og kjøpte opp aksjar i klubben.

Seinare blei denne omdanne til Club 1872, som i toppåret rundt 2015 hadde med seg heile 20.000 som støtta klubben økonomisk. I dag er altså 8000 personar med i Club 1872 , etter året 1872, då klubben blei stifta.

Alistair kallar dette folkeaksja­r, og folk betalar gjerne inn ein fast sum i månaden, som 10 pund pr. månad.

Sjølv gjekk han inn med eit større eingongsbe­løp for nokre år sidan. Han er klar på at desse supportara­ksjane ikkje handlar om investerin­g og aksjeutbyt­te, men som nest største aksjonaer er fansen represente­rt i styret. Der bakkar dei mellom anna opp eiga ungdomsavd­eling, men òg for å påverka spelarstal­len til A-laget.

Glasgow versus Viking

Så var det spørsmålet om noko liknande som dette kunne ha skjedd i Viking. Kan me tenka oss at heilt vanlege Viking-tilhengara­r ville gått inn med pengar i klubben? Og altså ikkje for å tena på det, men for å støtta og for å påverka klubben?

Ei så massiv støtte som den skotske, er nok tvilsamt, men me veit jo at ulike «Vener av Viking» både har drive kronerulli­ng og gitt stor pengestøtt­e dei siste åra. Dermed er heller ikkje Stavanger ukjent med denne type mobiliseri­ng på grasrotniv­å, som på mange vis er eit demokratis­k prosjekt på fotballban­en.

Kanskje kan eit slikt engasjemen­t også demma opp mot synkande publikumst­al når Viking spelar heime?

Då Rangers blei straffa med degraderin­g i 2012, fekk dei og forbod mot dyre spelarkjøp og berre lov til å signera unge spelarar under 18 år. Viking er jo ikkje heilt der, men satsar også ungt og lokalt i gjenoppbyg­ginga.

Likt mellom dei to klubbane er og at begge har flott arena og stolt klubbhisto­rie heilt tilbake til seint 1800tal (Viking FK blei stifta 10. august 1899).

Gamle bragder kan begge klubbane vise til, Rangers som har vunne The Triple (ligaen, FA-cupen, ligacupen) i Skottland heile sju gongar, mens Viking spesielt forsynte seg grovt av seriegull på 1970-talet.

I tillegg har jo begge blå klubbfarga­r. «True Blue», skrik dei i Glasgow. «Du kjenne jo de mørkeblå», syng me på stavangers­k.

Fotballkul­tur

Når det er sagt om alt som er likt mellom Rangers og Viking, så er det vel lite truleg at viking-supportara­ne er klar til å kjøpa haugevis med aksjar i Viking.

Alistair MacRae seier det slik:

– Gløym ikkje at fotball er kultur i Skottland, fotball er naermast «a way of life» for ihuga skotske supportara­r som ofrar mykje for klubben sin. Eg er jo også der sjølv, om eg har budd vekke frå Skottland i meir enn 20 år.

Og for oss norske var det stort å oppleva ein heil laurdag på fotballkam­p i Glasgow. Frå stemninga på klubbpuben i tolvtida til kampen var slutt i femtida på ettermidag­en. Heiarop og slagord hagla rundt oss − «We are the people», «True Blue», «Follow we will» og ikkje minst «One club, one support, one voice», altså represente­rt av 8000 folkeaksjo­naerar.

Sidan kampen me var på, har Glasgow Rangers tapt 2–3 heime på Ibrox mot byrivalen Celtic, dette intense oppgjeret som kallast «Old Firm» mellom protestant­iske Rangers i vest og katolske Celtic på austkanten. Men målsetting­a til Rangers er igjen å gå heilt til topps.

Det same vil Viking på sin veg tilbake som eliteklubb, både sportsleg og med velordna økonomi. Kan satsing på folkeaksja­r bidra til det? Og kan mørkeblå hordar bidra til det både på tribunen og i klubbkassa?

Men først må dei blå slå bruntrøyen­e frå Mjøndalen heime tysdag. Dei 11 på banen og den 12. på tribunen.

 ?? RUSSELL CHEYNE, REUTERS/SCANPIX ?? 38.000 av de 52.000 på heimekampa­ne til Glasgow Rangers har sesongbill­ettar. Og supportara­ne gir langt meir enn støtte frå tribunen. Kjenslene for klubben har også ført til makt.
RUSSELL CHEYNE, REUTERS/SCANPIX 38.000 av de 52.000 på heimekampa­ne til Glasgow Rangers har sesongbill­ettar. Og supportara­ne gir langt meir enn støtte frå tribunen. Kjenslene for klubben har også ført til makt.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway