Vil du heller lytte til ein kjendis enn ein flyktning?
KUNST: Spørsmålet er bakgrunn for den sørafrikanske kunstnaren Candice Breitz sitt verk Love Story. I går opna ho utstilling på Stavanger kunstmuseum.
Den sørafrikanske kunstnaren Candice Breitz er mest kjend for sine videoinstallasjonar, og denne gongen brukar ho verkemiddelet til å fortelje historiene til seks flyktningar. Kunstnaren er busett i Berlin, men vaks opp i Johannesburg.
To rom
Utstillinga Love Story blei opna fredag kveld og er Stavanger kunstmuseum si nye storsatsing. Den står til 24. mai. I Love Story er det to kjende amerikanske skodespelarar som snakkar i rollene som seks flyktningar: Julianne Moore har mellom anna fått rolla som syrisk flyktning og Alec Baldwin spelar tidligare angolansk barnesoldat.
Vil vi heller høyre historiene gjennom dei kjende skodespelarane enn å høyre flyktningane fortelje sine eigne historier? Det er spørsmålet Breitz forsøker å finne svar på. Baldwin og Moore spelar utan kostyme og bakgrunnsbilete, men har på seg ein eigedel som flyktningane har valt ut.
I tillegg til innspelingane med Moore og Baldwin, består installasjonen av eit bakrom der det blir spelt av videoar der dei seks flyktningane fortel sine historier sjølv.
– Eg ønska å signalisere visuelt at dette er menneska som har levd historiene, at det er menneska som historiene høyrer til. Og når du går gjennom frå det første til det andre rommet, bakrommet, vil du kjenne att dei personlege gjenstandane deira.
– Korleis har responsen frå publikum vore så langt?
– Det er vanskeleg å svare på, det er så vanskeleg å generalisere. Men det eg ser er at det er stor variasjon i korleis folk beveger seg gjennom verket, nokre går raskt gjennom medan andre blir ståande lenge å lytte og sjå.
Utstillinga blei første gong vist i 2016 og blei til som ein reaksjon på flyktningkrisa året før. Verket har blitt stilt ut over heile verda og blei blant anna vist under fjorårets Veneziabiennale.
– Det var laga som ein respons på ankomsten av nykomne i Berlin i 2015 og opplevinga av det massemediene omtala som flyktningkrisa. Eg opplevde at det var få historier om enkeltpersonar i både engelskspråke og tyske medium, det dreia seg ofte om tal og statistikk, seier ho.
Breitz sin plan er at verket skal ende opp i ein triologi, der Love Story berre er første del. Del to og tre er framleis under arbeid.
– Stor stas
Stavanger kunstmuseum er nøgd med at kunstnaren takka ja til å sette opp verket i Stavanger.
– Dette er veldig stas for oss, og det er også første gong Breitz er i Norge. Vi opplever at verket har stor relevans. Det har blitt vist over store delar av verda, seier museumssjef Hanne Beate Ueland.
Verket er den største midlertidige utstillinga dei har der no. Ueland fortel at fleire av verka som museet allereie har utstilt, rører ved liknande tema som installasjonen Love Story.
Til dømes Trond Hugo Haugen sitt store fotografiske verk «Et riksportrett (etter Eidsvold 1814)» frå 2014, som tematiserer forholdet til demokratiet. Victor Linds maleri «Natt» frå 1972 viser til ein historisk situasjon der menneske blei drive på flukt. Og Marit Aanestads ‘«Kobbehus med slep» fra 2005 tematiserer tilstander som å føle seg trygg, utrygg, rotlaus, heime, utsett, framand og kanskje gløymt.
– Vi jobbar ofte med eiga samling parallelt. I tilknytning til dette viser vi ein del verk frå eiga samling som tar opp tematikk som har interessante berøringspunkt, seier Ueland.