Stavanger Aftenblad

Heilt, heilt vanvittig

- Solveig G. Sandelson solveig.sandelson@aftenblade­t.no

KONSERT: Aldri har eg blitt rørt av ein musikar som av Andsnes denne kvelden. Aldri.

Stavanger Konserthus, torsdag kveld:

Dirigent: Eivind Gullberg Jensen Solist: Leif Ove Andsnes, klaver Stavanger symfoniork­ester Musikk av: Knut Vaage: Orkesterdi­alogar (urframføri­ng) Benjamin Britten: Klaverkons­ert (1945). Jean Sibelius: Symfoni nr 1. Konserten blei også spelt fredag kveld.

Det finst gonger, mange gonger, når Leif Ove Andsnes’ fingrar rører ein tangent, at tonen treff noko i meg like presist. Det må vera ein nervetråd. Naert hjarta, naert pulsen, naert pusten. Og det finst gonger, når Andsnes spelar Benjamin Brittens klaverkons­ert saman med Stavanger symfoniork­ester, at drivet, rytmen, energien, kaskadane av storslagen klaverklan­g treff alle sansar samtidig. For så å halda dei vidopne i dirrande energi, konserten gjennom. Så opne at eg må samla meg etterpå. Finna ei slags fatning.

Britten bruker klaveret på romantisk vis, virtuost, blendande, heile rekka, opp og ned. Han bruker det som rein energi, som drivkraft framover for det svaere orkesteret, som legg seg på med lynskarpe melodisner­tar, roar ned, flatar ut, mens klaveret insisterer. Energi. Musikk. Uansett.

Fram til, og gjennom, ein heilt, heilt vanvittig klaversolo.

Før også klaveret blir lyrisk, vakkert, over knipsande strykarar, harpe og fløyte og meir stryk, klarinetts­olo og horn som sender oss vidare til bratsjen, slagverket, piccoloen. Klaveret slår akkordar nå, meir og meir, til heile orkesteret er drivne til å kasta seg stort og sveipande ut i dans.

Det roar seg. Ein lys klarinett og forsiktig obo får svar frå det ennå energiske pianoet.

Vi må fram

Ettertanke­n når gjennom. Hos pianoet, i ein ny intro. Ein uthalt melodi går i store sveip gjennom orkesteret. Før pianoet slår tungt, det er skjebnesla­g, i alle fall blir dei oppfatta som det av fagotten. Og kontrabass. Og cello. Pianoet spelar smerte, ikkje naken og romantisk, nei, smerte som hos ein som har bore den med seg lenge. Det endar i tåspissdan­s øvst i pianoet, horna tar melodien, klaveret driv. Ettertanke­n er tilbake.

Så blir vi reint marsjaktig drivne fram mot slutten, for vi må jo nå fram dit. Vi gjer det. Med vidopne sansar. Med nerveendar spelte på som tangentar.

Og eg tenkjer at det går ikkje an å skriva om dette som førsteog andre- og tredjesats­ar med former og tema og kantete melodiar. Det gjer ikkje det.

Der det begynte

Før alt dette, i Knut Vaages heilt nye stykke Orkesterdi­alogar, får vi kikka rett inn. Han held orkesteret opp som eit tredimensj­onalt lerret for oss. Du kan sjå kva som føregår på ulike stader. Små samtalar dukkar opp, mellom ein mørk cello og ein klarinett, mellom fløyte og fiolin, mellom piccolo og bratsj. Det veks seg kanskje større, eller det døyr ut Han gir oss minner og rammer vi kan kjenna igjen frå tidlegare tider. Eit stille sus opnar stykket, kjem tilbake, går igjen. Det er så respektful­lt gjort, mot orkesteret. Det er så fint brukt. Det sluttar stille. Det måtte det.

Rein energi og bankande puls Orkesteret er også rein musikk og rein energi på ein bankande, felles puls denne kvelden. Dirigent – og rein drivkraft saman med Andsnes – er Eivind Gullberg Jenssen.

Og eg tenkjer, etter Andsnes, at eg klarer faktisk ikkje meir nå. Men eg gjer jo det, på eit vis. Sibelius første symfoni er ganske mild. Den går dit du ikkje heilt visste den skulle, men det kjennes heilt naturleg at det var dit det blei, likevel. Den er romantisk, stor, varm, men ikkje uendeleg, ikkje overveldan­de. Det er nydelege melodiar, det er fullt messingtrø­kk, som var infanterie­t på veg ut av dei finske skogar. Det er vemodige små tema. Som vender tilbake. Slik du trengte at dei gjorde det. Det stig dramatisk, men ikkje meir enn at heile symfonien pustar ut i to knips.

Og eg tenkjer at det er jo ikkje ofte Leif Ove Andsnes er her. Men når han er det, så la vera med alt anna du trur du treng. Gå på konsert. Gå for all del på konsert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway