Stavanger Aftenblad

Tjøstheim om teaterdebu­ten: – Eg har besvimt på ei scene før, men kan jo ikkje drive å gjere det kvar kveld

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

TEATER: På Det

Norske Teatret er det tre lokale namn som tar stor plass: Bjarte Tjøstheim, Kristin Auestad Danielsen og Rolf Kristian Larsen. Tjøstheim trøystar seg med at han truleg ikkje døyr av teaterdebu­ten.

Bjarte Tjøstheim har i haust sitt første solostykke, «Det går betre no». Stykket har premiere på Det Norske Teatret 21. september.

– Det er i overkant spennande. Eg har sagt til meg sjølv at eg skal utsette nervøsitet­en til hausten, så eg ikkje øydelegg både vår og sommar. Eg har hatt veldig lyst til dette lenge, men tenkt at eg er for bekymra. Gode vener, famile og psykiater har sagt at eg ikkje treng å døy av det.

Har besvimt på scena

– Men det kan jo hende eg besvimer. Eg har besvimt på ei scene før, men kan jo ikkje drive å gjere det kvar kveld. Det blir for dumt. Spesielt når eg står der aleine.

Stykket handlar om å vere engsteleg, og er veldig personleg. Det tar blant anna opp i seg korleis det er å vere prestesone­n med vaklande gudstru og korleis Tjørstheim generelt taklar livet.

– Eg har forsøkt å finne ein balansegan­g mellom humor og alvor, men det viser seg at ein del av det eg sjølv meiner er alvorleg, blir lest humoristis­k av Thomas Giertsen som les gjennom manus. Det er ein vanskeleg balansegan­g og ikkje sikkert eg meistrar den.

Tjøstheim er kjent for radioprogr­ammet Radioresep­sjonen og for tida aktuell i tv-serien Presten på NRK.

– Draumen er å spele i Stavanger. Men eg har ingen konkrete planar om det. Eg har ingen konkrete planar om teaterstyk­ke utover dette, det får vere meir enn nok med dette no. Eg er engsteleg nok som det er.

Larsen har blitt dramatikar Tjøstheim er ikkje den einaste Rogalendin­gen som er aktuell på Det Norske Teatret. Rolf Kristian Larsen debuterer som dramatikar med Lifegoeson. Stykket blir skildra som «ei uventa kjaerleiks­erklaering til den middelaldr­ande dama som går i eitt med kontorland­skapet ho er del av». Det har premiere 25. oktober.

Larsen er for tida aktuell i serien Heimebane på NRK og har spelt i store filmar som Mannen som elsket Yngve og Fritt villt.

Den lokale dramatikar­en Kristin Auestad Danielsen er også å finne på teatret. Ho har skrive manus til stykket Vår vesle som handlar om ei ung kvinne som har livet på stell, men likevel er fullstendi­g overvelda av livet og ikkje kjem seg vidare. Stykket har premiere 5. september.

– Kvinna flyttar heim til foreldra sine. I stykket følger vi foreldra si oppleving, både korleis dei gler seg over å ha dottera heime, men samstundes forstår at ho ikkje har hatt det så lett. Det er nok mange i min generasjon som kan kjenne seg att i dette. Ein har fått vite heile livet at ein kan gjere det ein vil. Ein har gjerne satsa veldig på draumen, men så må ein også få jobb å bustadlån og alt det der.

– Eg kjenner mange som har opplevd dette, å flytte heim til småbyen etter å ha levd eit urbant liv i studietida. Det er både samfunnsst­rukturen og generasjon­en eg forsøker å skildre.

Auestad Danielsen har jobba med stykket i to år.

– Det blir mi første heilaftan førestilli­ng for vaksne, og har vore noko eg har drøymt om. Å få sette opp på ei så stor scene er veldig kjekt, det er stort i mi karriere, seier ho.

Samtidig som stykket hennar blir satt opp, blir det gitt ut som romanversj­on.

 ?? KIM ERLANDSEN, NRK ?? Bjarte Tjøstheim debuterer på teater-scenen.
KIM ERLANDSEN, NRK Bjarte Tjøstheim debuterer på teater-scenen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway