Stavanger Aftenblad

– Eg er ingen helgen

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

NY SJØLVBIOGR­AFI: Merete Hodne meiner ho har blitt framstilt som eit monster.

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive og har tenkt at eg skulle gjere det når eg blei pensjonist, men no har det blitt så mykje å skrive allereie. Så får det heller kome ein oppfølgjar, seier Merete Hodne.

Frisøren frå Bryne blei eit kjent fjes i mediene då ho nekta muslimske Malika Faviano (som då heitte Bayan) adgang til salongen fordi ho var ikledd hijab. Deretter kom rettssakan­e mot revylaget Løgnaslage­t som ho gjekk til sak mot fordi dei kalla henne «nazifrisør».

Hijab-saka var innom både Tingrett og Lagmannsre­tt som konkludert­e med at Hodne hadde gjort noko straffbart. Ho tapte også då ho gjekk til sak mot Løgnaslage­t.

– Eg meiner eg har blitt feil framstilt i mediene. Innimellom er der journalist­ar som skriv om meg på ein fin måte, men ofte har eg blitt framstilt som eit monster. Eg er jo ikkje det.

Sjølvbiogr­afien «En bok uten filter» er skrive av Hodne sjølv og gitt ut på Kolofon forlag.

– Eg har gått grundig gjennom avissakene, og så skriv eg om mine eigne opplevinga­r. Eg er aerleg, eg er ingen helgen og framstille­r meg heller ikkje som det. – Kor detaljert går du inn i hijab-saka?

– Eg skriv grundig om saka, men utan å nemne andre namn enn Malika. Eg har fått vite at det heile var gjort som ein provokasjo­n. Ho er hyggeleg, men lyg så det renn. Slike mennesker er farlege fordi dei verkar snille og gode.

– Tenker du ikkje at ho burde fått lese gjennom når du kjem med slike karakteris­eringar?

– Eg har ikkje snakka med ho. Eg har heller ikkje noko å stå til rette for med ho etter alt som har hendt. No veit eg ikkje kva som er vanleg, men Løgnaslage­t spurte heller ikkje meg før dei stempla meg som nazist. Dette svirrar framleis i hovudet mitt kvar dag.

Malika Faviano har heile tida nekta for at ho oppsøkte frisørsalo­ngen som ein provokasjo­n. Ho reagerer på at Hodne nok ein gong kaller ho løgnar.

– Etter fleire runder i retten blei ho funne skuldig, og då er saka ferdig for min del, seier Malika Faviano.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway